Akvakompetanse – Fiskehelse og Prosjektering

Akvator AS er eit rådgjevingsfirma med hovudkontor på Stord. Me er i dag 30 medarbeidarar, og utfører  rådgjeving, prosjektering og prosjektstyring frå idè til ferdig produkt. Me er komplett leverandør innafor alle fag, og er leiande innafor planlegging og bygging av akvakulturanlegg på land. Akvator si kartteneste AkvaGIS Fiskehelse er eigenutvikla for aktørar i havbruksnæringa, og blir i dag brukt til overvaking og analyse av fiskehelse på lokalitetsnivå, samt planlegging av brønnbåtruter. Meir informasjon om oss finn du på våre nettsider: www.akvator.no

Akvator vil frå 1. oktober 2016 vere fusjonert inn i Multiconsult, og selskapet får dermed auka kapasitet og kompetanse. Gjennom Multiconsult sin organisasjon langs norskekysten, ønskjer me å styrke vår akvaavdeling med erfarne fagfolk med kompetanse innafor vassbehandling, produksjonsplanlegging, prosjektering, fiskehelse, prosjektutvikling og prosjektleiing. Stillingane vil vere knytt til Multiconsult Stord, men kontorplass kan vere på andre Multiconsult-kontor.

Fiskehelse
Akvator søkjer ein person med biologisk kompetanse med fokus på fiskevelferd i våre prosjekt. Stillinga inkluderer tverrfaglege arbeidsoppgåver knytt til utvikling og marknadsføring av vårt kartverktøy AkvaGIS Fiskehelse, plantema retta mot sjøareal og landbasert aktivitet, samt konsesjonssøknader for oppdrettsnæringa. Kompetanse knytt til vasskvalitet og vurdering/sikring av sentrale miljøparametre i vassbehandling er ønskjeleg.

Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Brei biologisk bakgrunn frå akvakultur
  • Erfaring med produksjon i landanlegg med resirkuleringsteknologi er ønskjeleg
  • Relevant utdanning, helst fiskehelserelatert
  • Gode kommunikasjonseigenskapar både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Prosjektering og produksjonsplanlegging
Akvator søkjer ein person med teknisk kompetanse som vil stå sentralt i utvikling av design av landanlegg i tett samarbeid med våre oppdragsgjevarar. Utforming av anlegg og val av utstyr for å utnytte areal og volum i anlegg optimalt, vil vera sentrale arbeidsoppgåver. I dette inngår også design av RAS-anlegg

 Hovudarbeidsoppgåver vil vera:

  • Inngå i tverrfagleg team med fokus på optimal utnytting av volum og areal for å redusere byggekost pr produsert eining
  • Inngå i team for evaluering og design av RAS-anlegg
  • Vidareutvikle våre verktøy for produksjonsplanlegging og vurdering av vasskvalitetar

Ønska kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Brei teknisk bakgrunn frå akvakultur
  • Erfaring frå drift av RAS- anlegg er ønskjeleg
  • Relevant utdanning relatert til vassbehandling
  • Gode kommunikasjonseigenskapar både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk

Me tilbyr for begge stillingane:

  • Eit sterkt fagmiljø med fokus på innovasjon og verdiskaping for våre oppdragsgjevarar
  • Gode muligheter for personleg og fagleg utvikling
  • Attraktive vilkår inkludert gode kollektive forsikrings- og pensjonsordningar
Del dette
Søknadsfrist:1. oktober
Sted:Stord eller anna Multiconsult-kontor

 

For nærare opplysningar, ta gjerne kontakt med seksjonsleiar akvakultur Tom Rydland, tlf 908 46 841 eller seksjonsleiar planfag Svein Andersland, tlf 913 99 524.

Søknad sendast til: Akvator AS, Kunnskapshuset, Sæ 132, 5417 Stord, eller til post@akvator.no.