Driftsteknikar / røktar

Hyen Fisk AS vart skipa i 1986 i Hyen, og produserar settefisk til oppdrettsnæringa. Etter den tid har selskapet kjøpt opp Sande Settefisk AS og er over 50 prosent medeigar i matfiskselskapet Nordfjord Laks AS som har 2 konsesjonar. Anlegget er plassert i den vesle, vakre bygda Hyen i Nordfjord i Gloppen kommune. På Hyen Fisk har vi produsert både laks og regnbogeaure, men dei siste åra har vi spesialisert oss berre på regnbogeaure. I 2013 blei selskapet GlobalG.A.P- sertifisert. Det vil seie at vi har dokumentasjon på at produksjonen er i samsvar med kriteria i standarden til produktkvalitet, mattryggleik, dyrevelferd og miljøpåverknad. Hyen Fisk AS er føregangs anlegg for Salmon Group mht GlobalGAP og blir trekt fram som ein av dei beste i klassen. Vi er stolte av å oppfylle dei høge krava til produksjonen som GlobalGAP standarden set. Du kan finne meir informasjon på www.hyen.no.

Til vårt settefiskannlegg Hyen Fisk AS søker vi etter ein motivert driftsteknikar/røktar

Arbeidsoppgåver:

  • Foring, stell og tilsyn av fisk
  • Kontroll og vedlikehald av teknisk utstyr og anlegg
  • Journalføring og rapportering
  • Reingjera, desinfisera, kontrollera og vedlikehalde produksjonsutstyr og lokala

Kvalifikasjonar:

  • Teknisk og praktisk innsikt og forståelse
  • Relevant og praktisk erfaring
  • Utdanning/fagbrev innen akvakultur er ein fordel

Personlege eigenskapar:

  • Evna til å gjennomføra arbeidsoppgåver effektivt og med sikkerheit
  • Pliktoppfyllande og kvalitetsbevisst
  • Strukturert, ryddig og reinsleg
  • Gode samarbeidsevner
  • Initiativrik og sjølvstending med evna til å stå på når det trengs
  • Sertifikat klasse B og disponera eigen bil
  • Trucksertifikat er ein fordel

Stillinga vil etter kvart inngå i bedriftas vaktordning. Bedrifta har konkurransedyktige vilkår og eit særs godt arbeidsmiljø. Lønn etter avtale.

Del dette
Søknadsfrist:30. oktober
Sted:Hyen

 

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte dagleg leiar, Åsmund Ommedal;
400 29 245 eller Vegard Søhoel 991 01 828.

Søknad med attester, vitnemål og CV sendes på
e-mail: hyenfisk@hyen.no.