Lokalitetsansvarleg

Alsaker Fjordbruker er eit solid havbrukskonsern i stadig vekst. Me tek hand om laksen frå rogn til ferdig pakka produkt og har om lag 1,7 milliardar i omsetnad. Lokalitetane våre ligg i 13 kommunar, frå Rennesøy i sør til Meland i nord. Konsernet er ein av dei største smoltprodusentane i landet. Årleg produksjon av matfisk er på om lag 30 000 tonn, fordelt på 22 konsesjonar. Me er om lag 250 tilsette i Hordaland og Rogaland, som jobbar hardt og målretta for å halda fram den gode utviklinga. Kjekt har me det òg! Les meir om oss på www.alsaker.no

Toftøy Fjordbruk AS ligg Tysvær kommune, i Nedstrandsfjorden, om lag 1 times køyring frå Haugesund. Pr. i dag har selskapet drift på lokaliteten Langøy, som er eit stort anlegg med ein MTB på 4680 tonn og 8 tilsette. Me søkjer no etter lokalitetsansvarleg til lokaliteten Langøy.

Arbeidsoppgåver: 

  • Sørge for optimal fôring og røkting av fisk
  • Styre drift, produksjon og vedlikehald
  • Registrering og rapportering
  • Personalleiing

Me søkjer etter deg som 

  • Har relevant utdanning og/eller erfaring innan akvakultur
  • Har gode leiareigenskapar og samarbeidsevner
  • Er initiativrik og fleksibel, med evne til å stå på når det trengst
  • Har sjømannskap/ teknisk innsikt
  • Har gode norskkunnskapar

Lokalitetsansvarleg må pårekna å delta i helgevaktordninga på anlegget.

Me vil særleg oppmoda deg med lokal tilknyting om å søkja.

Me kan tilby ein utfordrande og spanande jobb, i eit aktivt og framtidsretta konsern.  

Løn og tiltreding etter avtale.

Mer om stillingen her

Søk på stillingen her

 

Søknadsfrist:5. juni 2017
Sted:Tysvær

 

Spørsmål om stillingen, kontakt:
Driftskoordinator Øyvind Bokn
Telefon: 99210193
X