Overingeniør – akvakultur

Havforskingsinstituttet er eit av Europas største marine forskingsmiljø. Vi har ca. 750 tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Vårt hovudkontor ligg i Bergen, vi har avdeling i Tromsø og forskingsstasjonar i Matre, på Austevoll og i Flødevigen.

Om stillingen
Ved Forskingsstasjonen vår i Austevoll har vi ei fast ledig stilling som overingeniør innan biologisk drift/akvakultur og med koordineringsfunksjon for sjøanleggsdrift. Stasjonen har analyselaboratorium og biologiske laboratorium både på land og sjø. Forskingsverksemda er i hovudsak knytt opp til arbeid med marine artar av fisk, skaldyr og andre organismar.

Stillinga er knytt til Avdeling for teknisk infrastruktur, der biologisk driftseining på stasjonen har ansvar for drifta av biologiske forsøksanlegg og fiskebestandane. Dette inkluderer oppgåver knytt til stamfiskbestandar, klekking, startfôring, levendefôrproduksjon, sjøanleggsdrift med meir. Koordinator rapporterar til gruppeleiar for biologisk driftsgruppe.

Arbeidsoppgåver:

  • Produksjon og hald av fiskebestandar og forsøksorganismar  i sjøanlegg.
  • Dagleg drift og vedlikehald av forsøksinstallasjoner, fôringsanlegg og utstyr tilknytta sjøanleggsdrifta
  • Oppfølging av lovpålagte oppgåver knytt til forsøksløyve, fiskehelse og interne kvalitetssystem
  • Koordinering av arbeidsoppgåver for driftspersonell knytte til sjøanleggsdrift
  • Felt/toktarbeid og anna reiseverksemd kan påreknast, samt deltaking i kompenserte vaktordningar og helgearbeid etter oppsett arbeidsplan.

Kvalifikasjonar:

  • Relevant høgskuleutdanning innan akvakultur eller fiskehelse
  • Fortrinnsvis relevant arbeidserfaring innan marin akvakultur
  • Lengre arbeidserfaring innanfor det aktuelle fagområdet i kombinasjon med fagbrev i akvakulturfaget kan kompensere for utdanningskravet
  • Du må ha gode kunnskapar i bruk av PC/elektroniske hjelpemidlar
  • Du må kunne norsk og engelsk skriftleg og munnleg
  • Du må ha førarkort for personbil (klasse B) Det er ôg ønskjeleg med truckførar- og båtførarbevis.

Den som vert tilsett må kunne arbeide nøyaktig og sjølvstendig, men samtidig som del av eit team. Vi legg derfor vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, at søkjaren er fleksibel og at vedkommande trivst i eit hektisk arbeidsmiljø. Vi tilbyr eit utfordrande og skapande arbeidsmiljø i eit forskingsmiljø med mykje internasjonal kontakt.

Stillinga vert lønna som 1087 overingeniør etter Statens lønsregulativ. Frå bruttolønna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.

Havforskingsinstituttet er ei IA-verksemd som er opptatt av mangfald og oppfordrar alle kvalifiserte søkjarar til å søkja stillinga. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å vera unntatt frå søkjarlista. Søkjaren vil bli  orientert om dette på førehand.

 

Søknadsfrist:13. august 2017
Sted:Forskningsstasjonen Austevoll

 

Ønskjer du meir informasjon?

Kontakt gruppeleiar Sjur Åge Skår
e-post: sjurs@imr.no – telefon 934 68 048.

Sjå også nettsida vår www.imr.no.

 

Søknad skal sendast elektronisk via lenke (nedenfor) med CV, relevante attestar og vitnemål vedlagt.

 

SØK STILLINGEN HER

 

X