Marinolje. Foto: Foto: Helge Skodvin/NIFES.

37 millionar til ny forsking på Vestlandet

Regionalt forskingsfond Vestlandet gir 36,6 millionar kroner til nye forskingsprosjekt i landsdelen. Aller Aqua Norway AS, Alginor ASA og Automasjon og Data AS er blant dei som får millionstøtte.

Styret i Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) har vedtatt å løyve 36,6 millionar kroner til ny forsking i Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland. Tildelinga omfattar 26,7 millionar til ti større forskingsprosjekt i næringsliv og kommunal sektor og kvalifiseringsstøtte på 4,9 millionar til vidareutvikling av elleve prosjekt som er i startblokkane. For første gong gir fondet også midlar – 5 millionar – til eit forskarprosjekt som skal bidra til auka forståing av grunnleggande drivkrefter bak og hinder for regional innovasjon og utvikling, melder Regionalt forskingsfond Vestlandet i en pressemelding. 

– Vi har valt å ha berre ei utlysing av hovudprosjektmidlar i år, og da er det gledeleg å sjå at responsen har vore så god. 51 søknader frå bedrifter og kommunar er meir enn i noka tidligare utlysing, og mange søknader hadde svært god kvalitet, seier Solveig Ege Tengesdal, fylkesordførar i Rogaland og styreleiar for RFF Vestlandet.

Fôrtilsetting mot lakselus

Fiskefôrprodusenten Aller Aqua Norway har gjort fleire lovande forsøk med aure der mineralbaserte tilsettingsstoff i fôret ser ut til å ha gjort slimlaget til fisken tjukkare og kraftigare. Dermed ser fisken også ut til å bli mindre sårbar for lakselus, som får problem med å trenge gjennom slimet og ta til seg næring. No får selskapet tre millionar kroner til å teste, dokumentere og forklare kva effektar desse tilsettingane har med omsyn til luspåslag hos både aure og laks.

Eit særs viktig mål i prosjektet er å sjå om dei lovande resultata med aure også let seg reprodusere i forsøk med oppdrettslaks. Forskarane skal også analysere og beskrive dei biologiske prosessane som eventuelt bidrar til auka motstandskraft mot lus hos laks som får mineraltilsettingar i fôret. Ein skal også teste ut ulike råvarer for å finne ut om det er mogleg å forsterke effekten av desse tilsettingane.

– Dersom ein lukkast med å redusere luseproblemet monaleg ved hjelp av fôrtilsettingar i staden for kjemikaliar, kan det vere eit viktig skritt i retning av ei meir berekraftig oppdrettsnæring. Medikamentfri behandling som styrker fisken sitt eige immunforsvar, vil truleg også bidra til betre fiskevelferd, seier Tengesdal.

Aller Aqua Norway AS skal gjennomføre forskinga i samarbeid med matforskingsinstituttet Nofima, Stiftelsen Industrilaboratoriet og Norsk Sjømatsenter AS.

Totalutnytting av den norske stortaren

Alginor ASA i Haugesund søker gjennom bioraffinering ei totalutnytting av alle ibuande substansar i den norske stortaren – makroalgen Laminaria hyperborea. Selskapet får tre millionar kroner til å vidareutvikle metodar for framstilling av nye kommersiell produkt frå denne unike råvaren. Noreg har Europas største førekomst av stortare, som dekker enorme areal langs norskekysten med ein ståande biomasse på over 50 millionar tonn.

Alginor ASA utviklar nye separasjons- og ekstraksjonsmetodar som gjer prosessen meir effektiv og miljøvennleg, kor ein unngår toksiske utslepp til omgjevnadene som følger av dagens produksjonsmetode.

– Marin bioøkonomi er eit nasjonalt satsingsfelt og definitivt eit område der Vestlandet har naturgjevne føresetnader for å aksle ledertrøya. Alginor ASA deltek i det blågrøne skiftet der de legg opp til berekraftig utnytting av ei råvare som utgjer kring 80 prosent av vår samla marine biomasse, så det skal bli spennande å følge dette prosjektet vidare, seier Tengesdal.

Partnarar i prosjektet er leiande forskningsinstitutt og innovasjonsselskap frå Noreg, EU og UK i tillegg til Alginor ASA.

Bølgedeteksjon med radar

Uføreseielege bølger på ope hav utgjør ein reell sikkerheitsrisiko for vindkraftindustrien offshore. Om båtar vert trefte av unormalt store bølger under overføring av personell til vindkraftkonstruksjonar, kan det skje alvorlege ulukker. No får sandnesbedrifta Automasjon og Data AS tre millionar kroner til å utvikle teknologi som gjer det mogleg å oppdage uvanleg store bølger tidleg, slik at det vert lettare å unngå farlege situasjonar.

I forskingsprosjektet vil ein ta i bruk avansert radarteknologi på eit heilt nytt område. Forskarane vil utvikle metodar for nøyaktig deteksjon av både bølgehøgd og bølgeretning. Det er også ei målsetting å auke rekkevidda for nøyaktig bølgeprediksjon opp mot 750 meter, noko som vil gje betydeleg auka sikkerheit under overføring av personell.

– Dette er forsking som kan gi positive bidrag til utviklinga av ei grøn næring med stort potensial på Vestlandet. Truleg vil ein kunne bruke teknologien og metodane som vert utvikla i dette prosjektet også innan andre havnæringar framover, seier Tengesdal.

Forskingspartnarar i prosjektet er Uni Research Polytec AS, Universitetet i Agder, danske World Marine Offshore og britiske Starsmore Ltd.

For meir informasjon, kontakt Jon Arne Silgjerd, dagleg leiar for Automasjon og Data AS, på tlf. 901 95 329.

Elleve får kvalifiseringsstøtte

Elleve søkjarar frå næringsliv og kommunal sektor får til saman 4,9 millionar kroner i kvalifiseringsstøtte frå RFF Vestlandet i denne tildelinga.

– Dette er ei ordning vi har hatt sidan fondet vart oppretta i 2010, for å bidra til at flest mogleg bedrifter og kommunar på Vestlandet skal kunne ta i bruk forsking som middel til innovasjon og utvikling. Interessa har vore overveldande; mange ser kvalifiseringsstøtta som ein kjærkomen moglegheit til å omsette gode idear og viktige problemstillingar til konkrete forskingsprosjekt, seier Tengesdal.

Første tildeling til regionalt forskarprosjekt

For første gong har RFF Vestlandet lyst ut midlar til omfattande forskarprosjekt som kan bidra til ei betre forståing av drivkreftene i utviklinga av landsdelen.

– Fondet er blitt ein viktig reiskap for finansiering av forsking med regional relevans. Vestlandet står no overfor store utfordringar med omsyn til omstilling og fornying, og vi ønskjer å bidra til forsking som kan gje oss heilt grunnleggande kunnskap om kva drivkrefter og mekanismar som hemmar og fremjar slik omstilling, seier Tengesdal.

Etter vurdering av fire søknader, har fondsstyret vedtatt å løyve fem millionar kroner til eit forskarprosjekt leia av Mohnsenteret for innovasjon og regional utvikling ved Høgskulen på Vestlandet. Hovudmåla med prosjektet er å forstå kompleksiteten i økonomisk restrukturering og regional omstilling og å identifisere og utforske drivarane og hindra for fornying og nyskaping i viktige næringar i landsdelen.

Forskarane skal mellom anna kartlegge næringsstruktur og arbeidsstyrke på Vestlandet og sjå korleis etablerte verksemder tilpassar seg endringar. Dei skal også studere utviklinga av nye verksemder og næringsvegar og analysere eksisterande virkemiddelpolitikk og tiltak for regional restrukturering.

– Dette er eit ambisiøst prosjekt der ein mellom anna tek sikte på publisering av ti vitskaplege artiklar. Vi har også god tru på at forskarane skal bidra med ny innsikt som vil gjere det lettare å utvikle treffsikre politiske omstillingstiltak som er tilpassa akkurat vår region, seier Tengesdal.

Bak prosjektet står eit konsortium med Mohnsenteret i Bergen og IRIS AS/Universitetet i Stavanger – leiande norske fagmiljø innan studiar av innovasjon og regional utvikling – i spissen. Dei vil samarbeide med sterke internasjonale fagkrefter frå Universiteit Utrecht (Nederland), Queensland University of Technology (Australia), London School of Economics og University of Manchester.

Nye utlysingar

RFF Vestlandet har laupande mottak av søknader om kvalifiseringsstøtte. Nye søknader mottekne innan 15. august, vert behandla innan utgangen av september. Neste utlysing av forskingsmidlar til regionale bedriftsprosjekt og regionale offentlege prosjekt i kommunal sektor vil få søknadsfrist 14. februar 2018. Sjå også heimesida til fondet. 

Regionalt forskingsfond Vestlandet

Regionalt forskingsfond Vestlandet (RFF Vestlandet) er ein viktig pådrivar for forskingsdriven innovasjon i næringsliv og offentleg sektor på Vestlandet. Fondet gir økonomisk støtte til forsking som utnyttar vestnorske fortrinn og løyser viktige utfordringar for landsdelen. RFF Vestlandet er ei felles ordning for fylkeskommunane Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland og samarbeider tett med Noregs forskingsråd. Dei tematiske prioriteringane er vedtekne av fylkestinga i fondsregionen. Sidan 2010 har fondet støtta vestnorsk forsking med over 280 millionar kroner.

Publisert: 31.05.2017 , 08.00


Siste saker

X