Møre og Romsdal Fylkeskommune logo

4 mill. til berekraftig forvaltning av laksefisk

Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune har løyvd midlar frå Marint miljøsikrings- og verdiskapingsfond. Fondet vart vedtatt oppretta av Fylkestinget i 2009, og skal mellom anna nyttast til å betre sameksistensen mellom havbruk og villfisk.

Møre og Romsdal Fylkeskommune melder på sine heimesider at desse prosjekta vart innvilga støtte frå fondet:

•Ålesund kommune, kr. 700.000,- for “Søknad om tilskot til kystsoneplanlegging på nordre Sunnmøre”

•Marine Harvest Norway, kr. 200.000,- for prosjektet “Laksefisk og luseovervåkning i Romsdalsfjorden, del 3”

•Kristiansund kommune, kr. 1.100.000,- for prosjektet “Interkommunal (areal)plan for sjøområdene på Nordmøre”

•Nofima AS, kr. 2.000.000,- for prosjektet “Berekraftig forvaltning av laks og sjøørret i Møre og Romsdal”

Publisert: 23.11.2012 , 06.59


Siste saker

X