Lakselus. Illustrasjonsfoto: Havforskningsinstituttet.

Aukar overvakinga av lakselus kraftig

Innsatsen på overvaking av lakselus er i år auka kraftig og er den mest omfattande nokon gong. Målet er å få endå betre tal på kor stort smittepress utvandrande laksesmolt vert utsett for og dermed kunne gje betre råd til forvaltinga.

Innsatsen er særleg auka når det gjeld tråling etter utvandrande laksesmolt.

– Trålinga vil i 2017 omfatte seks fjordar frå Boknafjorden til Altafjorden. Nytt av i år er det at vi også skal prøve å spore smolten tilbake til kva elv den kjem frå, seier Ørjan Karlsen som er leiar for det nasjonale overvakingsprogrammet for lakselus i ei pressemelding.

I tillegg vert talet på fjordar som er overvaka med smoltbur auka frå fire til sju. Smoltbur er små  bur på 1 m3 som står på ein fast stad. I kvart bur vert det sett ut 30 oppdrettssmolt som står ute i to veke. Disse blir dermed utsett for det same smittepresset som vill laksesmolt som oppheld seg i området. Etter at bursmolten er henta opp igjen, vert talet på lus undersøkt på laboratorium.

– Saman med resultata frå modellane, vil vi i år få den beste oversikta vi nokon gong har hatt når det gjeld smittepresset frå lakselus på villfisk, seier Karlsen.

Sjøauren vert undersøkt heile sommaren

I tillegg til overvakinga av laksesmolt, blir også mengde lus på sjøauren undersøkt. Dette vert gjort ved å fange aure med ruse og deretter telje lus, men også sjøaure som hamnar i smolttrålen vert undersøkt. Sidan sjøauren oppheld seg i fjordane heile sommaren og utover hausten, vert den også råka av lakselus heile denne perioden medan laksesmolten berre sym gjennom dette området på veg mot havet og derfor berre er utsett for lus ein kort periode.

Overvakinga starta i sør og går nordover

For å formeire seg i høgt tempo og dermed lage problem for villfisken, er lakselusa avhengig av at sjøtemperaturen er høg nok. Sidan temperaturen aukar raskast i sør, er det også her overvakinga tek til først.

– Vi er i gong med overvakinga i Rogaland, og i løpet av den neste månaden startar overvakinga fleire andre stadar langs kysten, seier Karlsen.

Publisert: 08.05.2017 , 15.18


Siste saker

X