Ove Skilbrei

– Auren kan fungere som lusespreiar

Regnbogeauren som rømde frå eit anlegg i Gulen sist veke kan ifylgje Ove Skilbrei ved Havforskingsinstituttet bli ståande i fjordsystemet og vere med å spreie lakselus. Men han er usikker på kor mykje fisk som overlever.

Kari Johanna Tveit Sist veke rømde i overkant av 120 000 aure frå eit av Firda Sjøfarmer sine anlegg i Gulen i Sogn og Fjordane.

Snittvekta på den rømde fisken er på 250 gram, og forskarane er i utgangspunktet usikker på kor mykje av den som vil overleve særleg lenge i sjøen. – Denne fisken er så liten at mykje av den vert mest truleg oppeten av rovfisk. Dess mindre den er, dess mindre er overlevinga, seier Skilbrei til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Kan spreie lakselus Men sjølv om mykje den rømde fisken mest truleg blir predatormat innan kort tid, er Skilbrei likevel litt bekymra for at rømminga kan ha negative konsekvensar for miljøet. – Generelt så oppheld regnbogeauren seg lenger i fjordsystemet enn det laksen gjere etter ei rømming, så det mest uheldige med dette er at fisk som overlever kan vere med å spreie lakselus i den tida laksesmolten skal ut i havet, seier Skilbrei.

Luseteljing dagen før I fylgje Carl-Erik Arnesen i Firda Sjøfarmer gjennomførte dei luseteljing dagen før rømminga vart oppdaga, og nivået låg då på 0,2 lus pr fisk. Teljinga var også kontrollert av Mattilsynet.

Treng småmaska garn Skilbrei er vidare usikker på i kva grad det er effektivt å drive gjenfangst på så liten fisk, mellom anna på grunn av det ikkje er så mange som har rett type garn. Men ifylgje Arnesen vert det fiska intens både med småmaska garn og med garn med større maskar, og mykje av oppfiska torsk og lyr har regnbogeaure i magen.

Beklagar hendinga Firda Sjøfarmer jobbar intens for å redusere eventuelle skadar, og Arnesen beklagar på det sterkaste at denne rømminga har skjedd. – Vi jobbar målretta kvar dag for å unngå at dette skjer, så det er sterk beklagelig, seier Arnesen til slutt. Les også: – Miljømessig er det mindre alvorlig at regnbueørreten rømmer

Publisert: 22.03.2012 , 07.04


Siste saker

X