Beinfri fisk

Ny teknologi kan gje eit viktig løft for fiskerinæringa. Målet er at maskinell beinfjerning skal erstatta dyr arbeidskraft og at sensorar og røntgen skal sørgja for garantert beinfri fisk.

Av Asbjørn Kristoffersen, kommentator BT Kanskje vil eg snart få konkurranse i matfatet av ungane? Risikoen for å koma over eit fiskebein har vore ein god grunn til å fora småkrypet med pølser og hamburgarar, slik at gamle folk med vit på god mat kunne få fisken for seg sjølve. Men slike som meg mettar ikkje mange munnar i fiskerinæringa. Det som blir kalla vår viktigaste framtidsnæring treng fleire kjøpesterke kundar, også slike som ikkje tåler tanken på fiskebein. I regi av Norges forskningsråd er det sett i gang ein omfattande nasjonal dugnad for å utvikla den nye fiskeriteknologien. Innsatsen er eitt hundre og femti millionar kroner fordelt over fem år. Ei rekkje bedrifter og organisasjonar er med på prosjektet, med SINTEF Fiskeri og Havbruk i Trondheim som ein av forsknings- og utviklingsaktørane. Kina tur-retur Arbeidskostnadene her til lands er så høge at det svarar seg økonomisk å senda fisk til filetering i Kina og andre lavkostland, for så senda det ferdige produktet ut på eksportmarknaden heilt andre stader i verda. Framtidstrua er ikkje blitt meir roseraud av krisestemninga i oppdrettsnæringa og i deler av den tradisjonelle fiskerinæringa. Samstundes er det vanskeleg å sjå noko alternativ til oppdretts- og fiskerinæringa på norskekysten, især no som oljeindustrien flatar ut. Det er bruk både for dugnad og skippartak. Teknologi-industrien ser ein sjanse til å utvikla nye produkt både for den norske marknaden og for eksport. Fiskeforedlingsindustrien vil kvitta seg med dei mest arbeidskrevjande operasjonane, som både er for dyre og som det er vanskelegast å rekruttera arbeidskraft til. Dette er gjerne det tyngste og mest monotone arbeidet, det som kinesiske konkurrentar utfører for ein slikk og ingenting samanlikna med norske løner. Ny teknologi som alt er under utprøving for kvitfisk, det vil i hovudsak seia torsk, hyse og sei, viser at desse maskinene gjev seks prosent meir filet enn tradisjonelle metodar. Det er også utvikla ei røntgenmaskin som er tilpassa fileteringslina. Med denne maskina kan det takast røntgenbilete av kvar einaste fiskefilet for å sikra at ingen forbrukar risikerer å få bein i halsen. Blodfersk laks Eit av dei viktigaste satsingsområda er å utvikla ny teknologi for filetering av blodfersk laks og aure. Dette er fiskekvalitetar som ingen andre kan konkurrera om i same kvanta som Noreg. Chile ligg til dømes for langt borte frå dei europeiske marknadane til å kunna tilby like fersk fisk. Med dagens fileteringsteknologi må laks og aure liggja til mogning før konsistensen blir slik at maskinene kan ta fatt. Før ny teknologi kan takast i bruk må dessutan slaktemetodane forbetrast. Alt for mange fiskar er stressa når dei blir slakta, slik at dødsstivheten kjem for tidleg. Fisken er ikkje blodfersk lenge nok til at filetane kan få toppkvalitet, korkje i produksjonen eller når dei er framme hos forbrukarane. For at kvitfiskfiletar skulle kunna seljast i like fersk tilstand, måtte ein eventuell ny teknologi brukast om bord i fiskebåtane. Dette er ikkje fiskeforedlingsindustrien interessert i, det kunne undergrava dei landbaserte anlegga. Men dersom det kjem torskeoppdrett i stor målestokk, kan det bli like aktuelt å utvikla beinplukkemaskiner eller annan teknologi for torsk som det no er for laks og aure. Mange om beinet Det står enno att å sjå i kor stor grad ambisjonane vil bli oppfylte, og kor mykje høgare pris forbrukarane eventuelt er viljuge til å betala for dei forbetra produkta. I tillegg til garantert beinfrie filetar og både beinfrie og blodferske filetar av oppdrettsfisk, kan ny teknologi også gje opning for andre slags foredlingsprodukt. Mykje av den teknologien som no er i bruk i fiskeforedlingsindustrien er importert. Ein av dei store produsentane er eit stort tysk firma som har landbruksnæringa som base. Dei tradisjonelle aktørane og andre utanlandske interessentar statsar naturlegvis også på utvikling av nyvinningar i fiskerinæringa. Såleis er det eit islandsk og eit dansk firma som har utvikla systemet for røntgenfotografering av fisk. Men Noreg bør ha mange fortrinn i konkurransen, og den store og samordna dugnaden viser vilje til å satsa.

Publisert: 25.03.2003 , 12.14


Siste saker

X