Gro Sveen og Elin Tveit Sveen. Fotograf: Solveig Willis.

Ber publikum om hjelp til å utvikle nye produkt

Varmrøykt laks med tarepesto? Svanøy Røykeri nyttar lokale råvarer og tilbakemeldingar frå publikum for å utvide si produktportefølje.

Den tradisjonsrike familiedrivne bedrifta har utvikla seg i lange klyv dei seinare åra. I 2013 opna dei nytt røykeri på Svanøy. Deretter lanserte dei ny nettbutikk og auka opp bemanninga. No ynskjer dei å utvide vareutvalet med varmrøykt laks frå ein ny, spesialbygd røykjeomn, kjem det fram i ei pressmelding fra Havbrukspartner.

Laks med tarepesto

Varmrøykt laks er god som pålegg, i salatar, eller du kan varme han opp og ha ein fullverdig middagsrett saman med poteter eller pasta. Svanøy Røykeri har hatt det som sitt varemerke å skape spanande produkt av lokale råvarer. Fisken blir produsert på familien sitt eige anlegg, Marø Havbruk. I tillegg nyttar dei ved og urter frå den lokale floraen til røyking og smakssetjing.

Den varmrøykte laksen vert no prøvd ut med smakar som ramsløk, pepar og tarepesto. Sistnemnde er eit produkt som dei kjøper frå Seaweed AS i Bulandet. -Taren gir ein utruleg rik smak til fisken, og vi synest det er spanande å bruke eit produkt frå havet omkring oss til å smakssetje laksen, seier gründer Elin Tveit Sveen.

Testar på festivalar

Før dei set produkta i full produksjon, vil Svanøy Røykeri teste dei ut på publikum som vitjar dei på stand under ei rekke arrangement i sommar. -Det å lansere eit nytt produkt er ei stor satsing, og det er til god hjelp om vi kan få testa ut både smakar og konsistens før vi set i gang full produksjon, seier Gro Sveen, dagleg leiar på røykeriet.

Dersom produktutviklinga bære godt av garde, kan det kome på tale å utvide det fire år gamle røykeriet.

– Vi har ein spesialbygd omn på gang for å unngå utbygging foreløpig. Ein samanleggbar konstruksjon vi kan rigge opp og ned i eksisterande røykrom. Men dersom dette vert ein suksess, kan det hende at vi treng å bygge ut, dersom vi må skalere opp produksjonen eller utvide med endå fleire produkt i framtida.

  • Svanøy er eit øysamfunn med 55 fastbuande.
  • Svanøy Røkeri har fire fast tilsette, og like mange har arbeid hos Marø Havbruk.
  • Naboverksemda Svanøy Havbruk har 14 fast tilsette.

Publisert: 12.07.2017 , 10.33


Siste saker

X