Ola Braanaas

Braanaas trur på eit kompromiss

Lakseoppdrettar Ola Braanaas i Firda Management AS i Flora, ser ikkje vekk frå at den siste meldinga om innføring av straffetoll på norsk laks frå onsdag i neste veke er eit taktisk utspel frå EU-kommisjonen si side, skriv NRK

Den siste året har det kome mange meldingar om straffetiltak frå EU-kommisjonen og Braanaas meinar det no er vanskeleg å ta dei på alvor. Han trur denne siste meldinga kan vere eit taktisk utspel og at EU-kommisjonen ønskjer å forhandle seg fram til eit kompromiss. Neste veke reiser norske oppdrettarar og fiskerimyndigheiter til Brussel på European Seafood Exposition. I den samanheng skal Fiskeri- og kystminister Svein Ludvigsen ha en arbeidsmiddag med EU-kommissær Joe Borg.

Publisert: 22.04.2005 , 09.01


Siste saker

X