Skisse over prosjektet som Bremnes Seashore har søkt om seks utviklingsløyver til. Foto: Bremnes Seashore/AKVA group/ Egersund Net.

Bremnes skal vurdere utviklingsløyve-avslag

Einar Eide, administrerande direktør i Bremnes Seashore seier konseptet deira ikkje lar seg gjennomføre utan utviklingsløyver.

Prosjektet som tok sikte på å utvikle et totalkonsept for havbruk på eksponerte lokalitetar, inkludert bruk av tubenot, er eit samarbeid mellom Bremnes Seashore, Akva Group og Egersund Net.

Bremnes Seashore fekk nyleg avslag på søknad om seks utviklingsløyver.

Einar Eide, administrerande direktør i Bremnes Seashore seier selskapet no skal ta ein gjennomgang av avslaget fra Fiskeridirektoratet internt før dei tek ein endeleg konklusjon på vidare prosess.

Einar Eide, administrande direktør i Bremnes Seashore. Foto: Bremnes Seashore.

– Me er av den bestemte oppfatning at konseptet vårt er innanfor søkekriteria for utviklingsløyver, legg han til.

Han fortel dei ikkje har fått nokre indikasjoner på at det vart avslag på søknaden, og seier prosjektet ikkje lar seg realisere utan løyvene.

Når det gjeld dialog mellom direktoratet og Bremnes Seashore sier Eide at Fiskeridirektoratet ikkje har kontakta dei, med unntak av ein epost den 10 mai.

– Me har med jamne mellomrom tatt kontakt og me sendte ein statusrapport til Fiskeridirektoratet om kor langt me var kommen med prosjektet i mars 2017, legg han til.

Om selskapet ynskjer og anke eller om dei vel å la konseptet ligge gjenstår å sjå, til etter gjennomgangen.

Les også: Vil utvikle tubenot-konseptet og søker om seks utviklingskonsesjoner

Direktoratet grunngjev avslaget slik:

«Fiskeridirektoratet har kommet til at det ut fra den innsendte dokumentasjonen i saken ikke er mulig å vurdere hvorvidt det omsøkte prosjektet fra Bremnes Seashore AS faller innenfor formålet med utviklingstillatelser og de øvrige tildelingsvilkårene, jf. laksetildelingsforskriften §§ 22 og 23b»

Les heile avslaget her. 

Publisert: 29.05.2017 , 15.20


Siste saker

X