Illustrasjon der Tranhuset er vist i gult, og sjølve senteret i kvitt. (Det raude bygget er sjøhuset som skal innehalde kafê og andre kulturtilbod. Det er eit eksisterande hus som er kjende for dei fleste i området). Foto: Alsaker Fjordbruk.

Byggjer Rogalands fyrste visningssenter for laks

Alsaker-konsernet er no i sluttfasen av betongarbeidet på deira nye visningssenteret som er under bygging i Røvær.

Røvær Fjordbruk AS som er ein del av Alsaker-konsernet fekk tidlegare i år innvilga det fyrste visningsløyvet for akvakultur i Rogaland. Senteret skal liggja på Røvær, som er eit øysamfunn vest for Haugesund.

Selskapet har sidan 2014 arbeidd med planar om eit visningssenter, der publikum og elevar kan få læra om akvakulturnæringa og besøkja eit matfiskanlegg.

Grunnarbeidet på staden vart sett i gong i juni i år, og havbrukssenteret er no i ferd med å reise seg.

– Me er no i sluttfasa av betongarbeidet, fortel samfunnskontakt Kristian Råsberg i Alsaker Fjordbruk til kyst.no.

Sjølve visningssenter bygget skal være på 140 kvadrat og ha to etasjer. Råsberg fortel dei no held på med dei siste detaljane om bygget, og skal starte på det vidare arbeidet med reisinga av hovedhuset i november.

Tar folk ut på matfisk-anlegg

Senteret vil innehalde ei rekke ulike tema knytt til livet i havet, blant anna maritim historie, moderne havbruk, marknad, med meir. Visningssenteret vil ha eit potensial til 15-20.000 besøkjande i året.

– Forutan den obligatoriske moglegheita til å vera med i båt ut til matfiskanlegget, byggjer me og eit laboratorium og uteakvarium i «Tranhuset», opplyser han.

Målsetnaden med senteret er å formidle kunnskap, gode historier og belys utfordringar som må løysast i framtida.

– Senteret skal opnast fyrste mai 2018, legg han til.

Ifølgje konsernet skal ordninga og bidra til å byggja eit godt omdøme rundt akvakulturnæringa.

Eit år sidan tilsegn

Det var i september 2016 at tilsagnet frå Fiskeridirektoratet om at Røvær Fjordbruk AS fekk tildelt ein visningskonsesjon på 780 tonn kom. I mai i år kom den endelege godkjenninga av senterets både utsjåande og innhald.

Selskapet har tidlegare skrive at Røvær er kjend for eit historisk rikt sildefiske, kulturhotell og komlekafé.

Even Søfteland, styremedlem i Alsaker Fjordbruk AS har uttalt at dei er svært glade for den tilliten Fiskeridirektoratet har vist Røvær Fjordbruk AS med denne tildelinga.

På landsbasis er det gjeve ut 17 visningsløyver, men ingen aktørar har tidelegare hatt løyve i Rogaland fylke.

Publisert: 12.09.2017 , 08.00


Siste saker

X