Smolt - settefisk

– Det ser ut som smoltoffensiven verkar

Talet på rømd oppdrettslaks som er registrert i elvane på Vestlandet er det lågaste på mange år. Og ifylgje Geir Helge Johnsen i Rådgivande Biologar kan det tyde på at Fiskeridirektoratet sin smoltoffensiv har virka.

Kari Johanna Tveit I fylgje undersøkingar som selskapet Rådgjevande Biologar AS i Bergen har gjennomført samsvarar talet på rømd oppdrettslaks som er registrert i elvar på Vestlandet i 2011 svært dårleg med det offisielle talet for melde rømmingar.

Og dagleg leiar Geir Helge Johnsen trur dette resultatet kan vere ein mogeleg verknad av Fiskeridirektoratet sin smoltoffensiv. – Dersom rømming som skjer frå smoltanlegget, i samband med utsett, eller i tidleg sjøfase utgjer ein prosent av sjøsett fisk, så er det ingen som merkar dette. Men det er denne fisken vi i hovudsak finn att i elvane, og dette talet er no redusert veldig i høve til tidlegare. Så dersom talet held seg lågt også til neste år, er vi heilt sikker på at Fiskeridirektoratet sin smoltoffensiv har virka, seier Johnsen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Det faktiske talet er også lågt i år Talet på vill fisk i elvane i 2011 var i utgangspunktet veldig høgt, så dersom ein ser på prosenttalet, så vert det lite oppdrettsfisk samanlikna med tidlegare år. Men ifylgje Johnsen er det faktiske talet på oppdrettsfisk som er fanga i 2011 også veldig lågt samanlikna med tidlegare.

Gledelig for alle Dersom årets utvikling når det gjeld nedgang i registreringane av rømd oppdretts i elvane fortset også til neste år vurdera Johnsen smoltoffensiven som eit tiltak frå næringa si side med god effekt. – Og det er jo svært gledelig både for oppdrettsnæringa og for villaksinteressene, seier Johnsen til slutt.

Publisert: 30.01.2012 , 07.52


Siste saker

X