Digitalt VHF-system til sporing

Ved Telenor Network Maritime Radio i Bergen vil dei no teste ut sporing av fartøy via digitalt VHF-radiosystem.

Frå 1. januar neste år utvidar EU sporinga av fiskefartøy til å også gjelde fartøy mellom 18 og 24 meter. Norge vil dermed på eit eller anna tidspunkt truleg innføre utvida sporing, men det er ikkje sikkert satelittsporing vert svaret. I fylgje direktør Ånund Haktorson ved Telenor Maritime Radio, som driftar dei norske kystradiostasjonane, kan sporing av mindre fartøy like gjerne skje via eit digitalt VHF-system, skriver Fiskets Gang. ? Vi satsar no på å få finansiert ei oppgradering av våre eksisterande basestasjonar for VHF-samband til digitalt radiosamband. I første rekkje snakkar vi om ei investering på omlag 10 millionar kroner for å oppgradere 40 av basestasjonane. Då er i utgangspunktet heile norskekysten frå Kirkenes til svenskegrensa dekka, fortel Haktorson. Fiskeflåten kan sporast ? Det opnar for ei rekkje mogelegheiter for mellom anna fiskeflåten. Vi er klar over utvidinga av sporing i EU og forventar at Norge på eit eller anna tidspunkt også vil utvide sporinga av fiskefartøy til å omfatte fartøy mindre enn 24 meter. Då vil digitalt VHF-samband vere eit svært godt alternativ til satellitt. Det er mykje billigare å installere og mykje billigare å bruke. For Fiskeridirektoratet vil det i framtida vere interessant å kunne sende og motta informasjon ut over sporingsdata (posisjon, retning og fart). Det kan til dømes vere å sende meldingar om nye eller endra reguleringar (J-meldingar) til definerte mottakarar og å motta elektroniske fangstmeldingar, skriver nettstedet Fiskets Gang.

Publisert: 20.06.2003 , 08.09


Siste saker

X