Liv Holmefjord, Lisbeth Berg-Hansen og Harald Gjein

Ein intens samrådsdebatt med mange meiningar

Tromsø: Samrådsmøtet i Tromsø gav Lisbeth Berg-Hansen mange innspel i det vidare arbeidet med framtidig arealstruktur og ny stortingsmelding om sjømatnæringa. Men debatten viser at næringa sin støtte til "Gullestadutvalet" sine forslag, er svært delt.

Kari Johanna Tveit Lisbeth Berg-Hansen var godt nøgd både med innspela ho fekk og engasjementet som næringsaktørar og andre viste under samrådet i Tromsø i går.

Tema for møtet var havbruk, med vekt på næringa sin framtidige arealstruktur, og innleiarane hadde fått i oppgåve å fokusere på høyringsinnspela til det såkalla «Gullestadutvalet» eller arealutvalet sitt forslag om inndeling av kysten i produksjonssoner, utsett-soner og branngater.

Samrådsmøte i Tromsø i mars 2012
Lisbeth Berg-Hansen hadde samla mange med tilknyting til havbruksnæringa under samrådsmøte om havbruk og framtidig arealstruktur i Tromsø i går. Men det er ikkje alle forslaga i innstilling som får like godt gehør blant næringsaktørane.

Mange tydelege innspel Etter møtet uttrykte Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen ovanfor Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no at ho hadde fått mange gode og tydelege innspel, at tankane var klarna, og at ho vurderte det som heilt rett å arrangere møtet. Men tips om kva standpunkt Regjeringa vil lande på i høve til debatten om soneinndeling ville ho ikkje komme med.

Etterlyser betre forklaringar Men sjølv om ministeren hadde fått klarna tankane, så var ikkje næringsaktørane like trygge på det som skal skje vidare. Både debatten inne i salen og i gangane etter møtet var over, viser at det enno er stor usemje om forslaga i arealutvalet si innstilling, og det er ikkje alle som forstår kva ein ønskjer å oppnå med å dele produksjonen inn i soner.

Ei av problemstillingane er at mange av dei små aktørane trur det kan bli svært vanskeleg å tilpasse sin produksjon dersom forslaget vert innført slik det står i innstillinga. Mellom anna så vert det etterlyst ei konkret forklaring på kvifor ein vel å gjere dette før ein har vurdert andre tiltak, som eksempelvis kan få ned dødelegheita.

Prosessen vidare Mykje av arealutvalet si innstilling vil bli tatt med i den nye stortingsmeldinga om sjømat som Regjeringa skal presentere for Stortinget fortrinnsvis innan utgangen av 2012.

Publisert: 30.03.2012 , 07.08


Siste saker

X