Pål Arne Bjørn

Eit relativt godt år for laksesmolten

- Slik eg sa tidlegare i sommar så har det gått relativt godt med laksesmolten i år, seier Pål Arne Bjørn ved Havforskingsinstituttet. Dei har no presentert ei foreløpig oppsummering av situasjonen i 2012.

Kari Johanna Tveit Denne veka la Havforskingsinstituttet fram ny framdriftsrapport over lakselusinfeksjonen på vill laksefisk i perioden frå mai til og med august 2012, og ifylgje prosjektansvarleg Pål Arne Bjørn har 2012 vore eit relativt godt år for laksesmolten.

Smolten har klart seg relativt bra det siste ti-året

Laksetråling i fire fjordar

Direkte målingar på laksesmolt som er samla inn ved hjelp av tråling er gjennomført i Hardangerfjorden, Sognefjorden, Trondheimsfjorden og yttarst i Namsfjorden. Her viser resultata ifylgje Pål Arne Bjørn at det har vore relativt mykje lus i Hardangerfjorden og i Sognefjorden, medan ein har funne lite lus i Trondheimsfjorden og i Namsenfjorden.

Pål Arne Bjørn

Slik eg sa tidlegare i sommar så har det gått relativt godt med laksesmolten i år, seier Pål Arne Bjørn ved Havforskingsinstituttet.

Tek utgangspunkt i sjøauren

Datamaterialet som er samla inn frå områder utanom dei fire nemnde fjordsystema bygger på lusenivået på sjøaure tatt med garn som har stått ute akkurat i den perioden laksesmolten går frå elvane og ut i havet.

– Her tek vi utgangspunkt i at fråvær av lus på sjøauren, inneber fråvær av lus på laksesmolten. Dersom det er mykje lus på sjøauren, trur vi det same gjeld for laksesmolten som har vandra ut. Men sidan denne informasjonen ikkje er samla inn ved hjelp av direkte tråling er det viktig å få med at vi tek alle atterhald her, seier Bjørn til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no

Les heile pressemeldinga frå Havforskingsinstituttet

Publisert: 02.10.2012 , 07.12


Siste saker

X