Trude Lyngstad, Veterinærinstituttet

Er enno usikker på opphavet til ILA-viruset

I sitt arbeid med doktorgraden har Trude Lyngstad ved Veterinærinstituttet analysert informasjon frå over 300 lakselokalitetar i områder der det er påvist ILA. Men det er enno usikkert kvar viruset eigentleg kjem frå.

Kari Johanna Tveit Neste fredag skal Trude Lyngstad tilsett ved Veterinærinstituttet disputere for doktorgraden ved Noregs Veterinærhøgskule med avhandlinga ‘Tracing transmission pathways for infectious salmon anaemia (ISA) virus’.

I sitt arbeid har Lyngstad i perioden frå 2003 til 2010 tatt prøvar frå i overkant av 300 anlegg i områder med påvist ILA-smitte. 76 av desse lokalitetane hadde utbrot av laksesjukdomen, men trass i mange og grundige undersøkingar, er ho enno usikker på kvar viruset har sitt opphav.

-Det er eit godt spørsmål, men det trengs meir forsking for å kunne sei noko sikkert, seier Lyngstad til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Smitta horisontalt under pågåande epidemiar

I samanhengar der det er påvist utbrot på mange lokalitetar i eit område innanfor ein periode, er Lyngstad sikker på at smitten er overført horisontalt.

– Når vi har eit virulent virus i området, smittar det mellom naboanlegg. Eksempelvis så var viruset frå alle ILA utbrota i Astafjordbassenget i Troms i perioden frå 2007 til 2010 så likt, at vi ikkje er tvil om at dette hadde same opphav, og at smitten spreidde seg mellom anlegga, seier Lyngstad.

Mange ting forskarane ikkje veit

Men sjølv om Lyngstad er sikker på at viruset vert overført horisontalt mellom naboanlegg, så er det berre om lag halvparten av anlegga med påvist smitte i undersøkinga der dette kan forklare utbrotet. I resten av dei undersøkte anlegga må ein finne andre forklaringar.

Forskarane finn støtte for at det er den lågvirulente varianten av viruset (HPR0) som av og til kan mutere, og blir virulent, og ifylgje Lyngstad er HPR0 utbreidd både i Noreg og på Færøyane.

-Vi trur det er mutasjon av HPR0-viruset som er bakgrunnen for ein del av utbrota der ein ikkje kan ta utgangspunkt i at smitten er komen frå andre anlegg. Men vi påstår ikkje at det er dette som har skjedd i alle utbrota, så her trengs meir forsking, seier Lyngstad.

Påvist i ferskvatn

Lyngstad har analysert og påvist HPR0 i prøvar frå fleire settefiskanlegg, men ho er likevel usikker på kva det faktisk betyr.

– HPR0 er påvist i fisk i fleire settefiskanlegg, men alle utanom eit av dei hadde brukt saltvatn i anlegget, seier Lyngstad til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

ILA – Sporing av smitteveier

 

Les også:

Mykje ILA i nord

Mykje ILA i Sør-Troms i 2007

Overraskande resultat frå analyser av ILA

– Feil medisin mot ILA

Felles vaksinering mot ILA

Forskarane må samarbeide

 

 

Publisert: 12.06.2012 , 07.38


Siste saker

X