Matfiskanlegg i Hardangerfjorden. Foto: Fylkesmannen i Hordaland

Er oppdrettarane gode på botnen?

Dette skal Fylkesmannen sjekke ut i august og september. Aksjonen er ei oppfølging av tilsynsaksjonen for akvakultur i 2011, og skal gjennomførast i alle kystfylka frå Rogaland til Finnmark. I år skal dei sjå på matfiskanlegga i sjø.

Utsleppa må ikkje vere større enn resipienten tåler, skriv dei i ei melding på nettsida deira. 

Matfiskanlegga er opne produksjonsanlegg i sjø utan reinsing. Drifta er basert på at utsleppa blir fortynna og omsett i resipienten. Utsleppa må difor ikkje vere større at naturen klarer å omsette utsleppa etter kvart. Verksemdene skal ha kunnskap om eigne utslepp og påverknad på miljøet, skriv dei.

Skal sjekke miljøkrav ved alle verksemder med matfiskanlegg

Fylkesmannen gir utsleppsløyve til matfiskanlegga.

– Tilsyn er del vår oppfølging av verksemda si drift og etterleving av lovar og reglar. I Hordaland tar vi sikte på å gjennomføre tilsyn hjå alle verksemdene (konsern). Det blir tilsyn på ein lokalitet per verksemd. Vår plan er å gjennomføre vel 15 tilsyn i løpet av august og september. I år kjem vi til å ha fokus på følgjande tema: oppfølging av vilkår i utsleppsløyvet, resipientgranskingar, utslepp av kjemikal frå impregnering og andre tilsatsstoff, avfall og forsøpling, mikroplast, bruka av revidert standard NS9410, skriv dei.

Matfiskanlegg i Langenuen. Foto: Fylkesmannen i Hordaland.

Publisert: 04.07.2017 , 09.35


Siste saker

X