- All fisken har hatt god fiskehelse, god fôrfaktor og betre tilvekst enn det me rekna med på førehand, seier Rune Sandvik. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Erko vil produsere 20 millionar smolt

Erko Settefisk har søkt om å auke løyvet frå fem, til 20 millionar smolt ved anlegget deira i Sagvåg.

– For å kunne utnytte den postsmoltproduksjonen som me har best mogleg, søkjer me om utviding. Då kan me produsere meir, seier dagleg leiar Rune Sandvik til nettavisa Stord24.

Han seier til avisa at dei fint kan ut utvide produksjonen innanfor dagens anlegg.

Søknaden om utviding er lagt ut til offentleg ettersyn fram til utgangen av august.

Les også:  – En slamløsning vi kan være stolte av

Doblar postsmolt-kapasiteten

Publisert: 03.08.2017 , 09.19


Siste saker

X