Færøyanes fiskeriminister til Noreg

Den færøyske fiskeriministeren, Jacob Vestergaard, kjem på offisielt besøk til Noreg i tida 26. ? 28. august.

Vestergaard kjem til Oslo i ettermiddag for å ha politiske samtalar med fiskeriminister Svein Ludvigsen. – I samtalane vil vi frå norsk side særleg fokusere på den bilaterale fiskeriavtalen mellom dei to landa våre, seier Svein Ludvigsen i en pressemelding, og legg til at Færøyane og Noreg har viktige felles interesser når det gjeld berekraftig forvalting. Statsråden seier at tilhøvet til EU også vil bli diskutert. Etter samtalane i Oslo reiser dei to statsrådane til Bergen mellom anna for å besøke Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet. Fiskeriministrane vil dessutan vere til stades på konferansen ?Sjømat for alle?. Jacob Vestergaard skal etter planen returnere til Færøyane fredag.

Publisert: 26.08.2003 , 08.40


Siste saker

X