Fiskerileir for jenter

Denne veka skal 12 jenter frå ulike kommunar i Hordaland på leir for å bli nærare kjende med fiskeri- og havbruksnæringa. Jentene går i 10. klasse, skriv Avisa Hordaland.

Målet med leiren er å auke rekrutteringa til fiskeri- og havbruksnæringa. Gjennom praktisk deltaking skaffar jentene seg kunnskap om næringa, i tilegg til at ein håpar å kunne gi dei nye idear til yrkesval. Delatkarane skal i ettertid informere andre elevar om erfaringane frå leiren. Dei skal bu om bord i undervisingsbåten Krusing frå Fiskarfagskulen i Austevoll. Leiren er eit samarbeidsprosjekt for dei tre fiskerifaglege opplæringskontora i Hordaland.

Publisert: 08.09.2003 , 07.00


Siste saker

X