Fiskeriministeren til USA & Canada

Fiskeriminister Svein Ludvigsen drar fredag 31. januar til USA & Canada. Statsråden skal til Seattle, Chicago, Washington og Ottawa. Føremålet med turen er å få nærare kjennskap til organisering av sjøtryggingsarbeidet i vidaste forstand ? og dei politiske utfordringane på dette feltet, både i eit nasjonalt og globalt perspektiv.

Fiskeriminister Svein Ludvigsen skal også i møter med amerikansk fiskeindustri og marine fagmiljø, samt delta på to store nærings- og forskingskonferansar. Fiskeriministeren har mellom anna med seg departementsråd Jørn Krog og ekspedisjonssjef Kirsten Ullbæk Selvig fra Fiskeridepartementet, samt kystdirektør Øyvind Stene. Fiskeridepartementet er langt meir enn eit næringsdepartement. 40 prosent av budsjettet og halvparten av dei tilsette i departementets underliggjande etatar er knytte til sikker sjøfart og kystforvaltning. -Målet er ei optimal koordinering av alle tilgjengelege ressursar med basis i det Kyst- og havdepartement vi allereie er. I eit slikt perspektiv er det viktige å orientere seg om utviklinga internasjonalt, seier fiskeriministeren.

Publisert: 30.01.2003 , 12.44


Siste saker

X