Bjørn Olav Kvamme

Fordøyingsenzymer i lakselus

Bjørn Olav Kvamme disputerar fredag 23. september for dr.scient. graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: "Trypsins from the salmon louse (Lepeophtheirus salmonis Crustacea, Copepoda)", melder UiB.

Bjørn Olav Kvamme
Bjørn Olav Kvamme disputerar for dr. scient.-graden ved Universitetet i Bergen fredag 23. september.
Foto: Universitetet i Bergen

Lakselus er pr i dag ein av dei viktigaste patogena innan oppdrett av laks, og utgjer eit betydeleg problem kalkulert til å koste næringa 100 – 500 millionar kroner kvart år. I tillegg til samfunnskostnadane er det sannsynleg at vill laksefisk opplever eit auka smittepress frå lakselus. Dette kan bidra til å true allereie pressa villfiskstammar. Mage-tarmsystemet er ei av dei viktigaste kontaktoverflatene mellom lakselusa og det omliggande miljø. Dette gjer at god og omfattande kjennskap til biologien til dette systemet er essensielt med tanke på å utvikle nye metodar for kontroll av lakselus. Dr. grads arbeidet har fokusert på å identifisere og karakterisere transkripter for trypsin, og gena som kodar for desse, i lakselus. Trypsiner er blant dei viktigaste proteolytiske enzyma i fordøying av proteiner hos dei fleste fleircella dyr. Kunnskap om trypsiner i lakselus kan difor gje ein peikepinn på fordøyingsprosessane i lakselus, og om om desse enzyma kan utnyttast i kontroll av lakselus. Det er blitt vist at det eksisterar eit stort antall svært like trypsin gener i lusegenomet. Uttrykkinga av desse trypsina er forskjelleg i ulike livsstadier og mellom hann- og holus, men har eit likt regulatorisk mønster. Trypsina vart transkribert gjennom heile tarmen, og saman med andre kjende særpreg tydar dette sterkt på at trypsina er involvert i fordøying. Fleire av gena ligg tett saman i genomet, og det er sannsynleg at dei dannar eit eller fleire genkluster med mange like gener. Personalia Bjørn Olav Kvamme er født i 1973 og oppvaksen i Florø i Sogn og Fjordane. Han avla Cand. Scient eksamen i biokjemi ved Molekylærbiologisk Institutt, Universitetet i Bergen i 1998. Dr. scient studiet ved Universitet i Bergen og Havforskningsinstituttet vart påbegynt i 2000. Arbeidet er utført ved Havforskningsintituttet med Dr. Frank Nilsen som vegleiar, og Prof. Dr. Rune Male som vegleiar frå Molekylærbiologisk Institutt. Tid og stad for disputasen: 23.09.2005, kl. 10:15, Auditorium 2, Realfagbygget, Universitetet i Bergen Kontaktpersonar Bjørn Olav Kvamme, epost: bjornok@imr.no Formidlingsavdelinga v/ mediekontakt Mia Kolbjørnsen, tlf. 55 58 90 39 (a), epost: mia.kolbjornsen@form.uib.no Avhandlinga kan lånast på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetsbibliotek. For kjøp/bestilling: kontakt kandidaten direkte.

Publisert: 16.09.2005 , 07.00


Siste saker

X