Førebels ja til oppdrettsaure

Jølster-politikarane seier seg positive til landbasert oppdrett og gir dermed Joar Dvergsdal og Lars Svardal ein billett vidare i saksgangen. Det treng likevel ikkje bety eit endeleg ja. Kommunestyret mangla vesentlege opplysningar då dei behandla saka, skriv Firda.

På møtet sa fleire av representantane at kommunen manglar opplysningar på ei rekkje punkt: 1: Det er ikkje på det reine kva skadar bruk av medisin kan få for vill-auren. 2: Det er heller ikkje på det reine om oppdrettsanlegget kan øydeleggje drikkevatnet. 3: Ein er bekymra for at oppdrettsauren skal forvekslast med merkevara som vill-auren er for Jølster. Eit samrøystes kommunestyre streka difor under retten til å stogge prosjektet ved den minste fare for at villaksen tek skade. ? Vi er opptekne av å gardere oss i denne saka. Ho er såpass spesiell og vi veit rett og slett ikkje nok. Vi treng meir opplysningar frå fagfolk, seier ein av dei som gjekk på talarstolen med kritiske innvendingar tysdag, Venstre-politikar Sverre Gjesdal. Nettopp høyringa sin spesielle karakter gjorde at ho i det heile teke kom opp i kommunestyret. ? Mot sedvane blei ei høyring teken opp i kommunestyret fordi vi ikkje har liknande saker i kommunen å vise til, og fordi ho er prinsipielt viktig på fleire samfunnsområde: Miljø i vidaste forstand inkludert forureiningspolitikk og lokal næringsutvikling, seier rådmann Jostein By. Det var eit høyringsfråsegn kommunestyret behandla tysdag. Det betyr at Jølster får saka tilbake på skrivebordet etter at Fiskeridirektoratet har bestemt om dei to naboane frå Jølster skal få konsesjon. Kommunen får då på nytt høve til å godkjenne eller avslå prosjektet.

Publisert: 04.04.2003 , 07.00


Siste saker

X