Forskingsstøtte til Salmobreed

Fiskeavlselskapet Salmobreed var blant vinnarane då det regionale forskingsfondet delte ut 23,7 millionar kroner til forskingsprosjekt på Vestlandet i går.

Det låg mange gode søknader i bunken, og prosjektet til Salmobreed var eit av fleire som har kombinert solid forskingsinnhald med innovasjonspotensial og tydeleg regional relevans, skriv styreleiar Tom Tvedt i Regionalt forskingsfond Vestlandet i ei pressemelding. Tildelinga til Salmobreed var på ein million kroner.

Salmobreed har fått støtte til å forske på miljømessige og genetiske årsaker til hjarteproblem hos oppdrettslaks. I samarbeid med forskingsinstitusjonane Nofima, Norges Veterinærhøgskole og Akvaforsk Genetics Center, skal SalmoBreed mellom anna sjå på effektane av at fisken får trene i oppdrettskar med sterk straum.

– Dei kjem med nye og spennande innfallsvinklar til eit av dei største problema i oppdrettsindustrien – som ikkje berre er viktig for oss her vest, men for norsk eksportøkonomi i det heile, seier Tvedt i pressemeldinga.

13 fekk støtte Etter å ha mottatt 32 søknader i haust, ga fondet i dag tilsegn på totalt 23,7 millionar kroner til 13 ulike forskingsprosjekt. Fleire av prosjekta inneber samarbeid over fylkesgrensene, heilt i tråd med målet om at fondet skal bidra til auka vestnorsk forskingssamarbeid. Den tematiske fordelinga var slik:

• berekraftig matproduksjon (5 prosjekt) • offentlege utviklingsoppgåver (5 prosjekt) • energi/maritim sektor (3 prosjekt)

Forskingskvaliteten og innovasjonsgraden i prosjekta er vurdert av panel oppnemnte av Noregs forskingsråd, medan det regionale fondet særleg har vurdert regional relevans og betyding for verdiskaping på Vestlandet.

Publisert: 07.02.2012 , 07.00


Siste saker

X