Rune Krogdahl

Frå 3,9 prosent til 4,5 promille

Talet på oppdrettslaks i elvane rundt Trondheimsfjorden har gått drastisk ned samanlikna med i fjor, og no håpar Rune Krogdal i ERT at den positive utviklinga held seg dei siste vekene i sesongen. Så langt snakkar ein om promille og ikkje prosent.

Kari Johanna Tveit Etter at 175 000 laks rømde frå eit av Salmar sine anlegg ved Hitra i februar 2011 har selskapet samarbeida med forvaltninga av Elvane rundt Trondheimsfjorden (ERT) og Veterinærinstituttet om eit registreringsprosjekt for å finne ut om denne fisken går opp i elvane.

Prosjektet har gått over to år og i 2011 vart det til saman registrert 3,9 prosent oppdrettslaks, noko som var mindre enn det mange hadde venta. Men når det berre står igjen nokre veker av årets sesong er situasjonen ein heilt anna. No snakkar ein om promille, og ikkje prosent.

– 4,5 promille er eit mykje betre resultat enn vi hadde i fjor. Då vart det endelege resultatet 3,9 prosent, så dette er veldig bra, seier Krogdahl.

Samanlikna med i fjor er talet på elvar som er med i prosjektet dobla, men frå dei elvane som ligg utanfor Trondheimsfjorden har det ifylgje Krogdahl ikkje kome inn så mange prøvar. Mellom anna så er det veldig få registreringar i Namsen, men her er det Fylkesmannen i Nord Trøndelag og Direktoratet for naturforvaltning som har ansvaret for innsamling av prøvane.

Fiskarane føler seg trygge

Dei siste vekene har også innrapporteringa frå dei som fiskar i elvar med utløp i Trondheimsfjorden gått ned, noko Krogdahl trur kan forklarast med eit dalande engasjement.

– Det starta jo veldig bra, men sidan talet på oppdrettslaks har vore så lite, så har engasjementet til fiskarane også dala, seier Krogdahl. Han meina det handla om at dei kjenner seg trygge på at det er villaks som bit på kroken.

Rune Krogdahl

Ifylgje Rune Krogdahl i Elvene rundt Trondheimsfjorden (ERT) kryssar fritidsfiskarane av på skjelkonvolutten for ein del meir oppdrettsfisk, enn det som faktisk vert registrert etter analysen.

Nyttig tilleggsinformasjon

Hovudmålet med prosjektet har vore å registrere talet på oppdrettslaks som blir fanga i elvane, men både skjelprøvane og informasjonen som føl med kvar konvolutt kan ifylgje Krogdahl også brukast til andre ting.

Mellom anna skal fiskaren krysse av på konvolutten for om dei trur prøven som ligg ved er henta frå ein oppdrettslaks eller ein frå ein villaks, og her viser det seg at mange tek feil.

– Det går jo begge vegar, men det er kryssa av for ein del meir oppdrettsfisk enn det som blir registrert i analysen, seier Krogdahl til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Spent på avslutninga

Enno er det nokre veker igjen av sesongen, og Krogdahl er spent på om den positive utviklinga fortsette.

– Dei fleste seie at det meste av oppdrettslaksen kjem om hausten, men i fjor kom den opp i elvane alt i juni, seier Krogdahl. Likevel meina han det er viktig å halde trykket i prosjektet ut heile sesongen før ein gjere ei endeleg oppsummering.

Publisert: 16.08.2012 , 07.30


Siste saker

X