Friske millionar til fiskerinæringa

Styresmaktene har med aukande uro følgt utviklinga i norsk fiskerinæring. Særleg har situasjonen i industrien vore urovekkande. For å styrke konkurranseevna er det behov for å forsterke nyskaping og kompetanse i alle ledd.

I revidert budsjett 2003 er det sett saman ein samla pakke for næringa, kanalisert gjennom Statens Nærings- og distriktsutviklingsfond (SND), meldes det fra Fiskeridepartmentet. – Norsk fiskerinæring opererer i ein global marknad. Vi må stadig vidareutvikle vår eiga konkurransekraft. Derfor må vi heile tida ligge i framkant når det gjeld produktutvikling, produksjonsprosessar og ny kunnskap, seier fiskeriminister Svein Ludvigsen. Gjennom programmet ?Nyskaping, omstilling og kapasitetstilpassing? er målet å auke konkurranseevna og lønnsemda i fiskeindustrien. Tiltaka kan rettast både mot enkeltbedrifter og nettverk. Støtte over programmet kan gis som tilskot og/eller risikolån. Dette programmet er nytt og har ei tilskotsramme på 30 mill. kroner og ei utlånsramme for risikolån på ca. 40 mill. kroner. Ved å styrke det marine innovasjonsprogrammet med 10 millionar kroner er tanken å gje eit handslag til den marine næringas evne til å drive innovasjon. Fokuset skal vere på nettverk og utvikling av nye artar i oppdrett, særleg torsk og skjell. Støtte over programmet kan gis som tilskot. Ramma for tilskotet er auka frå 10 til 20 millionar kroner. Den tredje ordninga gjeld driftskreditt til fiskerinæringa. Her er føremålet å styrke det finansielle grunnlaget for lønsam drift og/eller investeringar i næringa. Aktørar innanfor fiskeindustrien vil bli prioriterte, det vert også opna for at ordninga kan brukast til oppdrett av torsk og skjell. Ordninga kan brukast som garanti ved lån i privat sektor, eller som direkte lån. Garantiramma frå SND som er retta direkte mot fiskerinæringa utgjer totalt 200 millionar kroner.

Publisert: 12.09.2003 , 09.48


Siste saker

X