laks

Fryktar dødeleg gjellesjukdom

Etter at gjellesjukdomen AGD, Amoebic gill disease, har blomstra opp på Shetland, fryktar oppdrettarar på vestlandet at han skal bli med brønnbåtar attende til Noreg.

Sjukdomen har form av ei amøbe som set seg på gjellene til fisken, og er dødeleg dersom der ikkje vert gjennomført behandling. Gjeldande behandlingsmetode er med hydrogenperoksid i brønnbåt. Norske brønnbåtar er involverte i behandlinga av sjuk fisk på Shetland, skriv Salmon Group i ei pressemelding.

I ly av alt snakket om brakkleggingssonar, har der i dei siste åra vore mindre fokus på smittebæring via brønnbåtar eller ved flytting av utstyr. Når brønnbåtar fører sjuk slaktefisk eller utfører behandling av sjuk fisk ein dag, og so går vidare til smolttransport, medfører dette risiko for smittespreiing.

Sjukdomen AGD vart observert i fleire anlegg på vestlandet i 2006, men har sidan ikkje vorte påvist her heime. Der føreligge difor ikkje nye risikovurderingar eller planar om tiltak mot import av smitte, seier Mattilsynet på førespurnad frå Salmon Group. Salmon Group meinar det her er på sin plass å vere føre var.

Publisert: 02.10.2012 , 07.00


Siste saker

X