Full stopp ved Fjord Seafoods anlegg

Torsdag vart 30 tonn setjefisk destruert ved Fjord Seafoods anlegg i Skjerdalen i Gloppen. Alle kar er tømde for yngel, og dei fem tilsette er oppsagt, skriv avisa Firda.

? Vi har jobb ut oppseiingstida, og skal bruke tida fram til årsskiftet til å rydde og gjere anlegget i topp stand, seier dagleg leiar Mathias Hestenes. Gårsdagens tømming kom ikkje overraskande. Det har i lengre tid vore klart at Fjord Seafood ønskjer å kvitte seg med anlegget i Gloppen. Anlegget har vore i drift sidan 1985 og har vore eigd av Fjord Seafood sidan 2000. ? Nedlegginga er ein konsekvens av situasjonen i laksenæringa, men vi har ikkje gitt opp håpet om å komme i gang når marknaden blir betre. Alt no ser vi teikn til oppgang, men det har ikkje vore mogeleg å selje setjefisken som ville vore leveringsklar til våren, seier Hestenes. Han tolkar signala frå Fjord Seafood positivt. Selskapet har jakta på kjøparar, og fleire har meldt si interesse. ? Vi har fått melding om å «shine opp» anlegget og gjere det klart til rask oppstart dersom det blir nødvendig. Den jobben vil pågå fram til juletider. Kva som skjer etter den tid er uvisst, men utan betring i marknaden står vi utan arbeid, seier Mathias Hestenes. Han har vore dagleg leiar sidan oppstarten i 1985, og styrer eit topp moderne anlegg. Men alskens moderne teknologi hjelp lite så lenge det ikkje er nok kjøparar av setjefisk. At det har vore investert i topp moderne utstyr gjer likevel at Hestenes håpar at sjansane for ny drift er til stades.

Publisert: 15.09.2003 , 07.00


Siste saker

X