Gamle utslepp gir kreft

PCB-forureining i fisk og skaldyr for 30 år sidan er ei viktig årsak til at unge menn i dag får testikkelkreft, viser ei svensk undersøking.

Fra etterkrigstiden

Stadig fleire unge menn får testikkelkreft, og ei viktig årsak kan vere at mødrene fekk i seg miljøgifter som PCB gjennom fisk og skaldyr då dei var gravide. Verknaden av gifta viser seg så lenge som 30 år etter gjennom at sønene får testikkelkreft. Professor Lennart Hardell er ansvarleg for den svenske undersøkinga. Han ser ein heilt klar samanheng mellom testikkelkreft og dei store utsleppa av miljøgifter som har skjedd i etterkrigstida. Han fortel at forureininga førte til at fisk og skaldyr ein del stader vart svært giftig, og kvinner som åt mykje slik mat medan dei var gravide fekk gutar med opptil fire gongar så stor risiko for å få testikkelkreft som andre.

Satser på opprydding

Miljøvernminister Børge Brende ser alvorleg på resultata av den svenske undersøkinga. Han seier at det alt blir satsa mykje på å rydde opp slik at fisk og skaldyr i norske fjordar ikkje skal vere farlege for folk.

Publisert: 15.01.2003 , 09.43


Siste saker

X