Erik Sterud, Norske Lakseelver

– Gjekk av bana med uavgjort resultat

Eriks Sterud i Norske Lakseelver meina dei gjekk av bana med uavgjort resultat etter at forslaget om tilgang til produksjonsvekst for havbruksnæringa ikkje var tatt med i statsbudsjettet. - Men det burde alt vore fatta eit vedtak om 0-vekst i 2013, seier Sterud.

Kari Johanna Tveit

I eit utspel frå elveeigarane sin næringsorganisasjon Norske Lakseelver, interesseorganisasjonar, og nokre miljøorganisasjonar som kom før statsbudsjettet vart lagt fram på måndag, presenterte dei sin skepsis til ein eventuell tilrettelegging for produksjonsauke i havbruksnæringa.

Organisasjonane var redde for at dette skulle komme som eit forslag i statsbudsjettet og Erik Sterud i Norske Lakseelver vurdera det difor som positivt at det ikkje skjedde. Men han meina diskusjonen rundt denne prosessen ikkje har vore offentleg nok, og han hadde føretrekt at eit vedtak om 0-vekst i 2013, som han meina må komme, alt hadde vore fatta.

Hadde ikkje noko val

Etter Sterud si vurdering hadde eigentleg ikkje Lisbeth Berg-Hansen noko val med tanke på å sette ein eventuell kapasitetsauke på vent. Det forklara han med utgangspunkt i innhaldet i Riksrevisjonen sin rapport om havbruksnæringa som vart presentert tidlegare i år, Havforskingsinstituttet sin rapport om lus som kom nyleg, og det han omtalar som ministeren sine eigne «garantiar».

-Ho måtte gi seg sjølv ein ekstraomgang, seier Erik Sterud i Norske Lakseelver til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Frykta prosentvis auke

Når det gjeld debatten om ein mogeleg auke i produksjonen alt i 2013, så meina Sterud at denne absolutt burde vore avblåst. Han er redd for at kan komme eit forslag om prosentvis auke før utgangen av året.

Bak avgjersla om å fortsette vurderinga enno litt til, ligg det ifylgje Sterud ein prosess som ikkje har vore offentleg. Difor veit ein ikkje kva Mattilsynet, Veterinærinstituttet og Havforskingsinstituttet har uttalt. Men han meina det ligg i korta at desse instansane har vore negative til ein kapasitetsvekst i denne omgang.

– Det igjen betyr at ministeren no vurdera om det er mogeleg å få inn ein prosentvis auke i utvalde fylke, eller område, og det likar vi dårleg, seier Sterud.

Erik Sterud

Erik Sterud i Norske Lakseelver ventar på at Regjering skal fatte eit vedtak om 0-vekst i havbruksnæringa. Etter han syn har det ikkje vore ein reel stokk i produksjonsvektsen dei siste åra.

Ikkje prinsipielt imot

Erik Sterud i Norske Lakseelver framhevar ovanfor Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no at dei ikkje er prinsipielt imot produksjonsvekst i havbruksnæringa, men dei deler sjølvsagt Regjeringa si oppfatning om at miljøet må gå framfor vekst.

-Vi meina det ikkje finst faglege argument for å tillate vekst no. I tillegg må det seiast at omgrepet vekststans i denne samanhengen har vore relativt dei siste åra. Havbruksnæringa har trass i ein frys-situasjon hatt stor vekst i produksjonen, noko som kanskje også er ein av grunnane til at problema med miljøet ikkje har vorte mindre, seier Sterud.

Gledelig prioritering

Sterud omtalar det som ei gledelig prioritering at Regjeringa vil bruke ti millionar kroner ekstra for å kontrollere havbruksnæringa, sjølv om han er usikker på om det er nok for å rette opp problema som Riksrevisjonen har peika på. Men eigentleg så meina han det spørsmålet heller burde vore stilt til Fiskeridirektoratet og Mattilsynet.

Trur ikkje på kontroll som kompensasjon for vekst

Erik Sterud trur ikkje at Regjeringa med Lisbeth Berg-Hansen i spissen har lagt inn ekstra midlar til kontroll i forslaget til statsbudsjett, for at det i etterkant skal bli lettare å gi næringa løyve til å auke produksjonen.

– Meir kontroll frå myndigheitene si side er ikkje eit tiltak som er direkte retta mot å løyse problemet med lakselus, og forhåpentlegvis så står det heller ikkje så dårleg til med eigenkontrollen hjå næringa at problemet med rømming finn si løysing gjennom auka myndigheitskontroll, seier Sterud til slutt.

Publisert: 11.10.2012 , 07.16


Siste saker

X