Fiskeridirektoratet.

Gjenfangstfiske i Hardangerfjorden avslutta

Fiskeridirektoratet melder at av omsyn til vill anadrom fisk og marine arter er gjenfangstfisket etter rømming ved Bremnes Seashore AS sin lokalitet Apalvika i midtre Hardanger, no avslutta.

Selskapet har fangsta om lag 200 oppdrettslaks etter rømmingshendinga som vart meldt til Fiskeridirektoratet onsdag forrige veke.

Rømminga har skjedd i eit område med mange sårbare laksebestandar og Fiskeridirektoratet vil no vurdere å gje selskapet pålegg om overvaking av vassdrag fram mot villaksen si gytetid.

Publisert: 30.06.2017 , 09.05


Siste saker

X