Dagleg leiar Erik Osland ved Osland Havbruk. Foto: Linn Therese Skår Hosteland.

Godt betalande marknad gav gode resultat for Osland

Oppdrettsselskapet Osland Havbruk kan visa til gode regnskapsresultat i 2016. Dette skuldast ifølgje dagleg leiar Erik Osland, utnytting av ein godt betalande marknad og dyktige tilsette i produksjonsfasen.

Omsettinga til selskapet var på heile 385,4 millionar kroner, sett mot 221 millionar i 2015. Det er ei auke på 164,4 millionar kroner.

Driftsresultatet til selskapet endte på 135,4 millionar kroner i 2016, sett mot 39,5 millionar året før. Etter skattekostnad på ordinært resultat, framkom eitt overskot på drøye 103 millionar kroner.

– Godt driftsresultat skuldast at vi har vore dyktige i produksjon og dermed fått utnytta ein svært godt betalande marknad med gode pris på laks og utover året også auren, fortel Erik Osland til kyst.no.

Han påpeikar derimot at aureprisen var svært dårleg hausten 2015 etter Russland stopp. I 2016 har pris på aure auka, men ikkje komme opp på nivå med laksen.

Satsar på FoU-prosjekt

Tollik Anatoli holder opp taren som er satt ut ved Oslands lokalitet ved Bjordal. Foto: AuRimas Stanevicius.

Osland seier selskapet har også auke i omsetning fordi dei jobbar med FoU prosjekt.

– Me har i fleire år jobba med stor smolt og post-smolt, som gjer at me betre klarar å opprettehalde bra produksjon sjølv med luseutfordringane.

Saman med andre oppdrettsbedrifter i Sogn og Fjordane og Møre meinar han Osland har gjort svært godt samarbeid med brønnbåten RoServer og bruk av Thermilicer for bekjempelse av lus.

– Vi har også eit spennande FoU konsesjon med integrert tare produksjon og laks, legg han til.

På Osland Havbruks lokalitet i Høyanger har dei satt ut over åtte kilometer tare i eit nytt forskningsprosjekt. Andreas Berge er fiskehelsebiolog og tilsett som biologisk ansvarleg i Osland Havbruk. Han er med i eit forskningsprosjekt i samarbeid med Møreforsking, Norsk Sjømat Senter og fleire andre oppdrettarar. Arbeidet skal blant anna undersøkje fiskehelse ved samkultivering av sukkertare og laks. Les meir om prosjektet her. 

Bekymra for kostnadsauken

Osland-sjefen seier han forventar bra resultat også i 2017.

– Det er framleis svært gode priser på laks og blir spanande å sjå kva me får solgt auren for i haust, seier han til kyst.no.

Resultat siste åra fortel han har vore gode, men påpeikar at når me ser bak talla på den enorme kostnadsauken selskapet har hatt siste fem åra vert han uroleg.

– Gode prisar gjer oss blinde og vi er på veg til å gjere oss mindre konkurranse dyktige. Skal me auke volum i framtida må me entan få ned kostandane eller bruke meir pengar på markedsføring. For å holde kostnadsnivåa nede er samarbeid innad i Salmon Group viktig for Osland.

Elevar på besøk hos Oslands nye settefiskanlegg på Sørebø. Foto: Osland Havbruk.

Felles innkjøp og fokus på rette rammevilkår for lokaleigde aktører gjer oss meir konkurransedyktige, legg han til.

Investerer på sjø og på land

Osland har siste åra investert i nye anlegg både i sjø og på land.

– Me vil fortsetje å investere der me ser moglegheiter.

Samfunnkontakt Geir Helge Østerbø seier til kyst.no at selskapt driv også å utvidar på tomta til Osland Settefisk, og gjer plass til to nye hallar som er på teiknebrettet.

Når det gjelder ansatte er dei over 30 tilsette i konsernet.

– Osland Stamfisk er inne i ei spanande tid med Sverrir Valdemarson som ny driftsleiar. Det er viktig for Osland og utvikle kvalitets auren frå Osland som har for avla på heilt tilbake til 1963, fortel Østerbø. 

– Det er spesielt på landanlegg me har tilsett flest siste åra, legg Osland til.

Av ny tilsettingar kan dei nemne at dei har nyleg tilsett to nye i staben. Marte Søreide er tilsett som driftsteknikar og byrja 1. juni, og Ann-Christin Norevik som ny kvalitetssjef og ho bryjar 1. august.

Arbeidsmiljøet beskriv styret i årsberetningen til selskapet som godt og henviser til lavt sjukefravær. Selskapet hadde 20 tilsette i 2016, derav 7 kvinner og resten menn.

Les også: 

Har søkt om utviklingsløyver

Osland Havbruk har søkt om seks utviklingsløyver for å realisere «Bunnsolid». Dette skal være ein betongkonstruksjon som løyser mange av utfordringane fiskeoppdrettsnæringa står ovanfor i dag, ifølgje selskapet. Les meir om dette her. 

– Bunnsolid er eit prosjekt vi og har brukt mykje tid på å utarbeide. Vi har søkt om fire løyver, der målet er å kunne drive oppdrett i norske fjordar med full kontroll på både vatnet inn og ut, seier Østerbø avslutningsvis.

Osland Havbruk har også inne søknad om visningsløyve i samarbeid med Akvariet i Bergen.

Om selskapet: 

  • Osland Havbruk vart skipa i 1963 av Erling Osland, og er eit av landets eldste oppdrettselskap.
  • Dei er lokaleigd av tredje generasjon Osland.
  • Hovudkontor er i Bjordal med lokalitetar i Høyanger kommune sin del av Sognefjorden.
  • Dotterselskapet Osland Settefisk AS, har konsesjon for produksjon av 3,5 mill smolt og sikrar selskapet tilgong på smolt i nærmiljøet.
  • Selskapet består i dag av fleire selskap, frå stamfisk, rogn, settefisk og ferdig slaktefisk.

Les også flere andre saker om selskapet: 

Her er ein liten flokk med dei tilsette i Osland Havbruk sine born. Dei meinar heilt klart at laks er viktig for Sognefjorden. Foto: Osland Havbruk. 

Publisert: 11.07.2017 , 11.15


Siste saker

X