Gunnar Domstein

Gunnar Domstein fortsette som styreleiar

Tromsø: Gunnar Domstein fortsette som styreleiar for Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining. Fredd Wilsgård og Morten Hyldborg Jensen blir første og andre nestleiar.

Kari Johanna Tveit

Valkomiteens forslag til styre i Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining (FHL) vart einstemmig vedtatt på generalforsamlinga i Tromsø onsdag. Gunnar Domstein vart igjenvalt som styreleiar, medan Fredd Wilsgård rykka opp som første nestleiar etter Geir Isaksen. Ny i styret er Jan Sverre Røstad i Biomar.

Kritikk til kjønnsfordelinga Generalforsamlinga gjekk einstemmig inn for valkomiteens innstilling, men i år som i fjor har det berre vore mogeleg å finne plass til ei kvinne i styret, noko som også skapte engasjement i forsamlinga. Kjell Bjordal frå Valkomiteen uttrykte i første rekke at dei ikkje var nøgd med kjønnsfordelinga i styret, og oppfordra medlemmane til å ha kjønnsfordelinga i fokus når dei skal komme med forslag til styremedlemmar i 2013.

Ikkje godt nok Men sjølv om valkomiteen har hatt fokus på kjønnsdelinga, så var ikkje alle tilfreds med svaret. Egil Magne Haugstad i Egersund Seafood meina komiteen burde kome fram til ein anna konklusjon. – På varalista til styre er det fem kvinner, og mange av desse er så dyktige at dei som er valt inn i hovudstyret må snakke svært godt for seg for å kunne sei at dei er flinkare, sa Haugstad til forsamlinga.

Carl Erik Arnesen i Firda Seafood uttrykte klart for forsamlinga at det ikkje held å sei at ein ikkje har kvinner å velje mellom når det står fem på varalista.

Styre og personleg vara -Styreleiar -Gunnar Domstein, Norway Pelagic AS – personleg vara- Nils Sperre, Nils Sperre AS – Første nestleiar Fredd Wilsgård, Wilsgård Fiskeoppdrett AS – personleg vara – Line Ellingsen, Ellingsen Seafood (Ny). – Andre nestleiar -Morten Hyldborg Jensen, Norway Seafoods AS – personleg vara- Inger M. Sperre, Brødrene Sperre AS – Styremedlem -Hanne Benjaminsen, Storbukt Fiskeindustri AS – personleg vara – Siv Gruer, Egersund Seafood AS, (Ny) – Styremedlem Alf Helge Aarskog, Marine Harvest – personleg vara – Vibecke Bondø, Salmanor AS. – Styremedlem -Sveinung Sandvik, Sjøtroll Havbruk AS – personleg vara – Torild Lohne, Sævereid Fiskeanlegg. – Styremedlem -Arne Møgster, Austevoll Seafood ASA – personleg vara – Hans Petter Koppernær d.y, Vedde AS. – Jan Sverre Røstad Biomar AS (Ny) – styremedlem – personleg vara – Viggo Halseth, Skretting AS, (Ny)

Publisert: 28.03.2012 , 14.39


Siste saker

X