– Hagen har blitt kommunist

Representantar for fiskerinæringa har store problem med å ta Framstegspartiet sin nye næringslivspolitikk på alvor. Dei lurer på om Carl I. Hagen har blitt kommunist.

Framstegspartiet vil bruke 50-60 milliardar oljekroner til eit statleg strukturfond for næringslivet. På ein pressekonferanse etter landsmøtet sa Carl I. Hagen at fiskerinæringa er ei av næringane som bør omstrukturerast kraftig. – Næringa er prega av små selskap som ikkje maktar å hevde seg internasjonalt. Strukturfondet bør gå inn å sjå på ein fusjon til dømes mellom Norway Seafoods, Domstein og Lerøy, sa Carl I. Hagen. Både Knut Haagensen og leiaren i Sunnmøre og Romsdal Fiskarlag, Knut- Arne Høyvik, meiner tankegangen er eit gufs frå fortida. For dette er dryg kost også for arbeidarpartipolitikaren Knut- Arne Høyvik. – Er det noko denne næringa har prøvd så er det lokomotivtankegangen. Vi har hatt ein serie med mislukka statlege fiskeriprosjekt opp gjennom historia. Men dei som lever vidare er dei små og nøkterne selskapa med aktivt eigarskap. Klippfiskprodusenten på Ellingsøya, som framleis sit på trucken, har overlevd, seier Knut- Arne Høyvik.

Publisert: 06.05.2003 , 09.48


Siste saker

X