Villaks som hopper

– Har aldri snakka om 35 prosent oppdrettslaks i Altaelva

I eit brev frå Nina til Frode Reppe som Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no har fått tilgang til hevdar Nina at forskingsinstitusjonen aldri har sagt at det var 35 prosent oppdrettslaks i Alta i 2010. Det talet Nina har uttala seg om omfattar i hovudsak berre fisk over tre kilo.

Kari Johanna Tveit Diskusjonen rundt talet på kor mykje oppdrettslaks som var registrert i Altaelva i Finnmark i 2010 fortsette. No uttrykkje Nina i eit brev sendt til Frode Reppe og Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no at dei aldri har hevda at det var 35 prosent oppdrettslaks i Altaelva.

Det forskingsinstitusjonen seier dei har uttala seg om i denne samanhengen er at 27 av 77 (35 prosent)gytefisk over tre kilo fanga i Sautso hausten 2010 var oppdrettslaks. Men dei innrømmer i brevet at all fisken som er medrekna som oppdrettslaks i dette talet ikkje vart kontrollert ved hjelp av skjelprøvar.

Les fleire artiklar om denne saka: Reppe vil at Hindar forklara seg – Reppe vil møte Hindar – Leiinga i Nina reagerer sterkt på utspel frå Reppe

Ei lang historie

Utgangspunktet for debatten som starta tidlegare i vår var at Frode Reppe i Frøya Arbeidarparti i første rekkje ønskte å få vite kvifor forskingssjef Kjetil Hindar ved Norsk institutt for naturforsking uttrykte ovanfor Dagens Næringsliv i slutten november 2010 at det var registrert 35 prosent oppdrettslaks i Altaelva det året. Og når det i ettertid viste seg at dette talet var heilt feil ville Reppe vite kvifor forskingsinstitusjonen ikkje gjekk ut å retta det opp i all offentlegheit.

Kjetil Hindar

Forskingssjef Kjetil Hindar og resten av leiinga i Nina meina institusjonen aldri har uttalt at det var 35 prosent oppdrettslaks i Alta i 2010.

Men Nina nekta å etterkome kravet frå Reppe, og debatten gjekk på Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no fram til forskingsinstitusjonen formidla at dei ikkje lenger ville ha ein offentleg diskusjon om saka, og at dei heller ville ha eit møte med Sør-Trøndelag Arbeidarparti og Frøya Arbeidarparti. Dette aksepterte Frøya Arbeidarparti og Reppe, dersom Nina ville sei offentleg korleis dei hadde kome fram til at det var 35 prosent oppdrettslaks i Alta i 2010.

Debatten fortsette

Denne diskusjonen enda til slutt med eit møte mellom partane på Fylkesordførar Tore O. Sandvik sitt kontor i Trondheim sist veke. Men Nina gjekk likevel ikkje til media og forklarte korleis talet om 35 prosent oppdrettslaks i Altaelva i 2010 oppsto. Difor sende Frode Reppe eit brev til Nina med detaljert informasjon om kva han meina har skjedd i samband med prøvefiske og registrering av tal rundt dette i Alta i 2010. Og no har Nina respondert på det ved å gå igjennom det dei omtalar som Reppe sine påstandar, punkt for punkt.

Frode Reppe

Frode Reppe i Frøya Arbeidarparti vil ha slutt på at det vert sett ut påstandar om store mengder oppdrettslaks i elvane om sommaren og hausten, utan at det vert dokumentert.

Har aldri sagt at det var 35 prosent oppdrettslaks i Alta

I brevet skriv Nina at institusjonen aldri har påstått at det var 35 prosent laks i Altaelva. Dette seier dei sjølv om forskingssjef Kjetil Hindar sa til Dagens Næringsliv den 26 november 2010 at 35 prosent i Altaelva er overraskande, og veldig høgt. I artikkelen står uttalinga frå Hindar i tilknyting til at avisa omtalar ei utrekning gjennomført av Nina som viser at 35 prosent innblanding av oppdrettslaks over fleire år, truleg vil medføre at villaksen i Altaelva vert redusert til 15 prosent om 40 år.

Forskingssjef Kjetil Hindar i Nina var ikkje tilgjengeleg for kommentar i går, og kommunikasjonssjef Bjørg Bruseth vil berre vise til det som står i det konkrete notatet med svar på Frode Reppe sine spørsmål. Utover det ønskje ikkje Nina å kome med ytterlegare kommentarar.

Les artikkelen i Dagens Næringsliv den 26 november 2010.35 prosent av laksen som gyter i Altaelva viser seg å være oppdrettslaks

Les Frode Reppe sitt brev til Nina, sendt mandag 16 april – De som er glade i Altaelva og laksen der kan ta det med ro.

Les Nina sitt svar på Frode Reppe sine spørsmål, sendt torsdag 19 april. – Svar på spørsmål frå Frode Reppe

Publisert: 20.04.2012 , 07.09


Siste saker

X