Havets økologi styrer villaksen si overleving

Det er mange ting som skjer i oppvekstområda til villaksen som påverkar kor mykje, og kor stor fisk som kjem attende til elvane våre. Men ifylgje Jens Christian Holst ved Havforskingsinstituttet er veksttilhøva og predatortykket i beiteområda mest avgjerande.

Kari Johanna Tveit

I slutten av januar la Statistisk sentralbyrå fram statistikken over norske villaksfangstar i 2011, og hovudtrenden er ifylgje Jens Christian Holst ved Havforskingsinstituttet at vi har fått ein auke i fangstane i sørnorske elvar, medan det har vore ei utflating i nord. I fangststatistikken er laksen delt inn i tre gruppe. Den som er under tre kilo er oftast fisk som har vore ein vinter i sjøen og vert omtala som tert eller einsjøvinterfisk. Fisken i gruppe frå tre og opp til sju kilo har oftast vore to vintrar i sjøen, medan laks på over sju kilo i hovudsak har vore tre eller fleire vintrar i sjøen. Men aldersfordelinga er ikkje konstant.

– Eksempelvis vil det vere meir to-sjøvinterfisk i den minste vektgruppa i periodar med dårlege mattilhøve i havet, noko vi såg gode eksempel på i Sør-Noreg i 2009 og 2010. Norskehavet er ikkje ein god stad for postsmolten å vere no, seier Holst. Men han meiner likevel at ein kan skilje alderen med utgangspunkt i vektgruppene for å studere trendar, dersom ein ser stort på det.

Nedgang i nord og oppgang i sør Dersom ein ser på hovudtrenden og utviklinga for fisket i elvene totalt dei tre siste åra så kan vi sjå ein viss auke på landsbasis. I sør er den god, medan den er litt mindre lenger nord i landet, seier Holst. Han har sett på Statistisk sentralbyrå (SSB) sin statistikk over den norske fangsten av villaks dei tre siste åra. Tala for 2011 vart presentert i slutten av januar. – Og desse tala bør alle med interesse for villaksen studere, både på nasjonalt og regionalt nivå, og på elvebasis. Her ligg store løyndomar gjømt, kommenterar Holst. Det han vurdera som mest spanande i 2011, er den kraftige oppvandringa av laks i sør som har vore to vintrar ute i havet, såkalla to-sjøvinterfisk. I høve til i 2009, vart det i 2011 landa i gjennomsnitt to gongar så mykje laks av denne storleiken i dei sørlege landsdelane, medan det i Nord-Noreg låg på omtrent same nivå som tidlegare. Og for å finne årsaka bak denne utviklinga meiner Holst vi må sjå på det som skjer i havet i den tida villaksen oppheld seg der. Dei to områda er i utakt på grunn av ulike økologiske tilhøve i laksen sine oppvekstområde.

 Jens Christian Holst

Forskar Jens Christian Holst ved Havforskingsinstituttet meina det bør settast av meir pengar til det han omtalar som den havgåande sida av forsking på villaks. Etter hans syn lir villaksfiskarane under fråværet av denne kunnskapen i dagens forvaltning.

Rask vekst gir raskare retur til elvane

Det er mange ting som skjer i oppvekstområda til laksen som påverkar kor mykje, og kor stor fisk som kjem attende til elvane våre, men det er spesielt vekst og overlapp med tanke på predatorar som er avgjerande. – Rask vekst er gunstig for overleving, og sidan dei har energi nok til å gyte tidleg, medfører det at ein større del av årsklassen kjem attende som einsjøvinterfisk. Dårleg vekst aukar faren for å ende som mat for andre som er større, men dei som overlever blir gjerne ståande eit ekstra år før dei kjem attende til elvane som større fisk. Det er dette vi såg i Sør- og Midt- Norge i fjor, seier Holst. Ifylgje Holst viser denne historia oss at vi har periodar med god og dårleg vekst og mykje og lite einsjøvinterfisk som vekslar med periodar med lite og mykje storlaks.

Laks frå dei same områda vil generelt ha det første halvåret etter utvandring, eller den såkalla postsmoltperioden, i eit felles havområde. Og for laksen frå elvar i Sør- Noreg og frå områder lenger sør i Europa handlar dette om Norskehavet, medan den nordnorske laksen går til Barentshavet.

– Difor ser vi no ein parallell trend i Sør- Noreg og landa sør for oss, og her vassar jo fiskarane i to- sjøvinterfisk, seier Holst.

Ulik økologi

Den økologiske situasjonen i Norskehavet er no heilt forskjellig frå det ein ser i Barentshavet. Medan postsmolten som vandrar nordover har det greitt når det gjeld mat og veks rimeleg raskt, har den unge laksen i Norskhavet hatt ein del magre år. Årsaka er at konkurransen med dei store bestandane av sild, makrell og kolmule har vore beinhard for smålaksen.

Utviklinga framover

For laksefiskarane i Sør-Noreg som har sikra seg kort i elvar med stor fisk, ventar Holst at 2012 blir eit eventyr. Når det gjeld attendevandring av fisk som har vore to vintrar i havet, tyder tala på at den vert litt lågare i 2012 enn den var i 2011. Og når det gjeld terten, meiner han det er vanskeleg å seie kor mykje fisk som vil komme attende til elvane, men generelt vil postsmolten framleis vekse så lite i Norskehavet at det er liten sjans for at det er terten som vil dominere årsklassane framover. Men han trur det er størst sjanse for at terten er over kneika for denne gong. – I alle høve er vi for tida i storlaksens periode i sør, seier Holst.

Større predasjonstrykk i nord

Havforskingsinstituttet sine teljingar og kvalfangarane sine rapporteringar viser at mykje av kvalen som før var i Norskehavet no har vandra nordover, noko som gir større predasjonstrykk i Barentshavet.

– Dei låge planktonkonsentrasjonane i Norskehavet tvingar etter mitt syn kvalen til å vandre til betre beiteområde i Barentshavet og rundt Svalbard, så eg vil bli overraska dersom vi får sjå ein auke i villaksfangstane i Nord-Noreg i åra som kjem. Men mattilgangen for postsmolten som går til Barentshavet er som sagt god, og fordelinga mellom aldrane kan ventas å vere om lag den same som vi har sett dei siste åra, seier Holst.

Treng betre samarbeid og meir kunnskap

Forskarane veit i dag at den største laksen går til område som ligg lenger vekke enn Norskehavet og Barentshavet, og at også tilhøva i desse områda vil ha stor innverknad på desse laksebestandane. I dag kjenner dei ikkje tilhøva godt nok, men på sikt håpar Holst på at ein klarer å få til eit samarbeid og at myndigheitene kan setje av midlar til det han omtalar som den havgåande sida av forskinga på villaks.

– Denne typen kunnskap må få sin fortente og viktige plass i villaksforvaltninga, og det bør om ikkje anna villaksfiskarane forlange. Dei lir etter mitt syn under fråværet av denne kunnskapen i forvaltninga i dag, seier Holst. Men sidan dei ulike forvaltningsmiljøa ikkje jobbar godt saman i dag, trur han at det vil vere eit visst lerret å bleike.

– Personleg trur eg statsministeren og stabssjefen hans må snakke saman og dirigere troppane, for her frå botn nyttar det erfaringsvis lite å hyle, seier Jens Christian.

Last ned PDF med kart og figurar her.

Publisert: 27.02.2012 , 07.00


Siste saker

X