Atle Frøysland

Høg snittvekt og ingen lus på villfisken

- Snittvekta på fisken vi har tatt så langt er ein kilo høgare enn i fjor, og det er ingen synlege teikn på luseskadar, så dette ser veldig lovande ut. Det seier Atle Frøysland i Norsk Villaksforvaltning om situasjonen fem dagar etter opninga i elva Gaula i Sogn og Fjordane.

Kari Johanna Tveit

I elva Gaula i Sogn og Fjordane har det på lik linje med i fjor vore eit svært godt fiske dei første dagane etter opning.

-Vi har tatt 60 laks på fem dagar, og det er litt fleire enn i fjor. Men snittvekta på 6.2 kilo er over ein kilo opp i høve til i fjor, og det må eg sei er veldig bra, seier Frøyslandtil Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Sikrar gytebestandmålet

For å vere sikker på at dei sikrar gytebestandsmålet med god margin er det innført samlekvote i Gaula. Difor har dei sett ut alle fiskane som ikkje blør, eller har anna skade.

– Så langt i år har vi sett ut rundt 90 prosent av fangsten, seier Frøysland. Han meina samlekvote er noko ein bør vurdere å innføre i alle vassdrag.

Ingen synlege teikn på lakselus

Ifylgje Frøysland så har dei ikkje sett nokon synlege teikn på lakselus på fisken som er fanga i 2011.

-Det var lite lus i fjor, og i år har vi absolutt ikkje sett lus, eller teikn på luseskadar, så det tyder jo på at smolten hadde gode tilhøve då den gjekk ut i havet, seier Frøysland.

Ingen registreringar av oppdrettslaks.

Det er heller ikkje gjort registrering av oppdrettslaks i Gaula i Sogn og Fjordane så langt i denne sesongen.

Publisert: 06.06.2012 , 07.05


Siste saker

X