Ketil Rykhus

Høge lusetal i Finnmark

Statistikken på lusedata.no viser høge lusetal i Finnmark den siste perioden. Men ifylgje nasjonal lusekoordinator Ketil Rykhus er det berre om nokre få lokalitetar det handlar om, og det vert no gjennomført tiltak for å få nivået raskt ned.

Kari Johanna Tveit Lusedata.no viser at Finnmark har hatt forholdsvis høge lusetal den siste perioden. Men sjølv om det gjev høge utslag på grafen, så handlar det ifylgje Rykhus berre om to lokalitetar der den eine no vert slakta ut, medan det vert gjennomført ny behandling på den andre.

Kva som er årsaka til at tidlegare behandlingar ikkje har virka vil ikkje Rykhus spekulere i, men det vert jobba med å finne ut av dette.

Alt vel elles

Utanom dei to lokalitetane med forholdsvis høge lusenivå er situasjonen i Finnmark positiv.

– Oppdrettarane i Vest-Finnmark har bestemt seg for å gjennomføre ei frivillig koordinert våravlusing med ei tiltaksgrense som ligg lågare enn luseforskrifta. Men utanom dei to lokalitetane vi har snakka om, så er det få som er i ein situasjon som gjer dette nødvendig. Klok av skade så tek dei dette på høgaste alvor, og tek ansvar, seier Rykhus.

Avlusar på optimalt tidspunkt

Den koordinerte avlusinga i Finnmark vil bli gjennomført på eit optimalt tidspunkt med tanke på utvandring av laksesmolt.

Publisert: 30.04.2012 , 08.00


Siste saker

X