Kjetil Hindar

Hindar baserar utalingane på ytre kjenneteikn

Forskingssjef Kjetil Hindar i Nina baserar kommentarar til media om fangstar av rømd oppdrettslaks i elvane på bakgrunn av opplysningar som kjem inn. Desse opplysningane er basert på ytre kjenneteikn og han innrømmer at slik klassifisering er usikker.

Kari Johanna Tveit Frode Reppe i Frøya Arbeidarparti meina Kjetil Hindar på Norsk institutt for naturforsking (Nina) bør forklare kvifor han i ettertid ikkje har gått ut å trekt attende påstandane om at 35 prosent av laksen som var tatt under prøvefiske i fiskevaldet Sautso i Altaelva i 2010 var oppdrettslaks. Hindar svarar med å sei at dei kommentera dei opplysningane som kjem inn, men at dei også melder frå om at tala kan vere usiker.

-Nina vert kontakta av media når det vert fanga rømd oppdrettslaks i sportsfisket om sommaren og i prøvefisket om hausten, og vi gjev kommentarar til dei opplysningane vi får inn. Men vi melder alltid frå om at tala kan sjå annleis ut etter at vi har kvalitetssjekka opplysningane, skriv Kjetil Hindar i ein mail til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no

Usikkert med ytre kjenneteikn Han viser til at dei første meldingane som kjem, er basert på fisk som er klassifisert som villaks eller oppdrettslaks på bakgrunn av ytre kjenneteikn. Og om vinteren gjennomfører dei skjelanalyse av all fisk dei har fått tilsendt prøvar av. Men prøvestorleiken kan då i fylgje Hindar auke sjølv om dei ikkje gjennomfører ny feltinnsamling. – Vekstmønsteret i skjella på fisken gir ein sikrare klassifikasjon enn kunn ytre kjenneteikn. Kvalitetssjekken med skjelanalyse kan då føre til at det som ein i utgangspunktet trudde var rømd oppdrettslaks vert omklassifisert som villaks, og omvendt. Vi publisera våre endelege tal i rapporten til våre oppdragsgjevar som er Direktoratet for naturforvaltning og Fiskeridirektoratet, og alle tal på rømd oppdrettslaks i norske elvar frå og med 1989 er samla i vedlegg til årsrapporten frå Vitskapleg råd for lakseforvaltning, skriv Hindar i mailen.

Bør ikkje førekomme Forskingssjef Kjetil Hindar i Nina svarar ikkje på Frode Reppe sitt spørsmål om kvifor han i ettertid ikkje har gått ut å trekt attende påstandane om at 35 prosent av laksen som var tatt under prøvefiske i Sautso det året var oppdrettslaks. Men til slutt i mailen framhevar han i ein eigen kommentar at det ikkje bør førekomme oppdrettslaks i Sautso i heile tatt.

-Sautso ligg øvst i Altaelva, som er eit nasjonalt laksevassdrag i ein nasjonal laksefjord. Rømd oppdrettslaks burde ikkje førekomme i Sautso og innslaget av rømd oppdrettslaks der om hausten har i einskilde år vore urovekkande høgt, skriv Hindar.

Publisert: 08.03.2012 , 07.51


Siste saker

X