«Ivan Klyushin» ut av arrest

Linebåten "Ivan Klyushin", som er eigd av Ervik Havfiske, er no fri frå arrest.

Fartyet vart 3. januar teke i arrest i Vardø på grunn av for mykje bifangst av blåkveite i 2002, og at bota på 5 millionar kroner ikkje var betalt. Båten er utleig til det russiske reiarlaget Arctic Fishproducts, men Statens Innkrevingssentral kravde bota innbetalt av Ervik Havfiske. Leiar i reiarlaget, Stig Ervik seier til Fjordenes Tidende at Ervik Havfiske stilte garanti for bota på 5 millioner kroner, men no når Namsretten har oppheva arresten, må kravet rettast til det russiske reiarlaget.

Publisert: 16.01.2003 , 07.00


Siste saker

X