Klevenkonsernet vil ha skrogverft i utlandet

På bakgrunn av ordretørken har Kleven-konsernet i eitt års tid vore interessert i å kjøpe eit reint skrogverft i eit austeuropeisk land.

På sikt kan dette eventuelt bety at Kleven Florø sine to avdelingar spesialiserer seg på å utruste skip. ? Men eit oppkjøp i utlandet vil ikkje automatisk bety at Kleven Florø vil slutte å bygge skrog, seier direktør Gustav Johan Nydal. Han forklarer at det i første rekke vil vere skrog i svart stål som er interessante, som til dømes til supplybåtar. Bortsett frå juicetankarane har Kleven Florø spesialisert seg på bygge kjemikalietankarar der skroget er ein kombinasjon av svart og syrefast stål, og denne kompetansen er stort sett mangelvare hos verft i utlandet. Men eig Kleven-konsernet sjølv eit verft i utlandet, kan det også vere aktuelt å bygge opp slik spesialkompetanse. ? Sit vi på majoriteten og kontrollerer, som er ein føresetnad, vil det også på lengre sikt gje høve til å bygge skrog til kjemikalietankarar, alt etter kva kompetanse ein vil klare å bygge opp, seier han. Dersom ei slik løysing vil føre til stor ordrepågang, kan dette føre til at båe avdelingane til Kleven Florø spesialiserer seg på utrusting. I dag vert forskipa bygde i Førde, medan bygging av akterskip og utrusting finn stad i Florø. Utruste skip i Førde ? Alt er volumavhengig. Det kan tenkjast at avdelinga i Førde kan utruste skip, for vårt mål er å halde aktiviteten oppe på begge anlegga. Avdelingane heng saman og er avhengige av einannan, seier Nydal.

Publisert: 06.01.2003 , 07.14


Siste saker

X