Kortere fredning av breiflabb

Fiskeridepartementet har korta inn fredingstida i garnfisket etter breiflabb med ein månad. Dette fører til at breiflabben er freda frå 1. mars til og med 31. mai 2003.

I tillegg er det innført bifangstreglar slik at ein no kan ha inntil 10% breiflabb i dei enkelte fangstane og ved landing i fisket etter andre artar. Dei andre vernetiltaka er førte vidare. Det har den siste tida vore ein dialog mellom næringa og departementet om garnfisket etter breiflabb i 2003. I eit møte mellom fiskeriminister Svein Ludvigsen og Norges Fiskarlag 3. april vart den vanskelege situasjonen til fiskarane diskutert, også situasjonen for breiflabbfiskarane. – Det er nødvendig å setje inn tiltak for å sikre at vi kan ha eit godt breiflabbfiske også i framtida. Difor har eg ikkje oppheva fredinga slik mange fiskarar har bedt om. For å redusere ulempene for enkelte av fiskarane har eg korta inn fredinga med ein månad, sjølv om effekten av vernetiltaka vil bli noko redusert i forhold til tilrådinga frå ICES. I tillegg har eg innført bifangstreglar slik at ein no kan ha inntil 10% breiflabb i fisket etter andre artar, seier fiskeriminister Svein Ludvigsen.

Publisert: 10.04.2003 , 12.49


Siste saker

X