Krever gransking

To fiskarar frå Vanylven på Sunnmøre omkom då fiskebåten "Teisten" forliste på Finnmarkskysten den 30 april. No krev Norges Fiskarlag at båten vert heva for å finne årsaka til forliset, melder NRK.

I fylgje Norges Fiskarlaget så var båten svært sjødyktig og mannskapet ombord hadde lang erfaring og god kjennskap til båten. Det vert også stilt spørsmål ved kvifor dei omkomne ikkje hadde ytterklær eller redningsvest på. Dette tyder på at ulykka har skjedd svært raskt. Mannskapet hadde heller ikkje sendt ut nødsignal.

Publisert: 25.05.2005 , 15.05


Siste saker

X