Øyvind Kråkås

– Kva no?

Med bortfallet av regelen om maksimalt 25 % eigarskap i norsk lakseoppdrett, har ein barrikade falle for den raudgrøne regjeringa. Krava dei stiller om forsking og foredling er kosmetiske. Meir interessant er det kva dei no vil gjere for å hindre at mange lokale eigarar sel seg ut.

Marine Harvest har lenga pressa på for å få lempa på regelen om maksimalt 25 % eigarskap. Då dei klaga han inn for ESA, som overvakar at EØS-avtalen vert fylgt, fekk dei medhald i at regelen er ulovleg ut frå norske europeiske plikter. Dette har nok fått regjeringa til å fråvike eit av sine mest handfaste argument for at dei satsar på ei mangfaldig oppdrettsnæring.

 

Med nøklane til porten for vidare vekst, kjem nokre formaningar. Ein vil stille krav til forskingsinnsats, foredlingsgrad og utbodet av læreplassar. Dette får meg til å tenke på ein dokumentar eg såg nyleg, om då ein forretningsmann fekk legge under seg trålarkonsesjonane som tilhøyrde ei rekke foredlingsanlegg i Nord-Noreg, i byte mot løfte om å levere fisk til anlegga. Mannen har gjort som forretningsmenn pleier å gjere, han har satsa på det han tenar pengar på. Dei fagre løfta har etterlate seg stille fiskebruk, og ingen er i stand til å trekke attende konsesjonane. Reklamasjonsretten her er hypotetisk.

No er det ingenting som er selt til underpris denne gongen, ein har berre oppheva ei sperre. Kan hende var det mest ei sperre av symbolsk effekt, ingen er tvungne til å selje sjølv om Marine Harvest no har løyve til å kjøpe. Den viktigaste politiske innsatsen vil no vere å hjelpe til med at det blir slik også framover. Dei som framleis eig rettar til å produsere laks, må bli stimulerte til å halde på desse. Reguleringa av næringa må ikkje framtvinge drift over store område, det må løne seg å ha stelt pent med heimebøen.

Det verste ein kan frykte, er at dette nederlaget for regjeringa berre er eit symptom på den makta som no er i ferd med å samle seg på få hender i norsk lakseoppdrett. Marine Harvest er mektige i dag, kor mektige blir dei ikkje om dei slår seg saman med eit anna storselskap? Kor mykje sterkare står dei ikkje om dei greier å kjøpe ut nokon av dei mest standhaftige sjølveigarane som er att i næringa? Då TeliaSonera kjøpte ut Idar Vollvik frå utfordraren Chess, betalte dei gjerne ein stiv pris. Men du verda så behageleg stille det vart i bransjen.

Med opphevinga av eigarskapsavgrensinga er ein barriere broten i norsk havbruksregulering, krava ein stiller som motsats er knapt verd å henge seg opp i. Det der vil glatte seg ut, så det passar med den verda vi handlar med. Med denne retretten, tek politikarane på seg ein langt meir krevjande ansvar for korleis dei skal sikre mangfaldet i næringa. Løyvet til å kjøpe er no delt ut. Trumfen på dei resterande å selje må ikkje bli det neste kortet på bordet.

Publisert: 17.12.2012 , 07.00


Siste saker

X