Kvote for fangst av vågekval i 2004

Fiskeridepartementet har fastsett ein kvote på 670 dyr for vågekvalfangsten i 2004.

Det nye bestandstalet som Vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) kom fram til i juni 2003, er lagt til grunn, og uttaksnivået er det same som i år. Ufanga dyr frå fangsten i 2003 kan ikkje takast i 2004 då det ikkje kan overførast ubrukt kvote frå ein femårsperiode til den neste. Kvoten er fastsett innanfor det intervallet som Viteskapskomiteen i IWC meiner vil gi fullgod tryggleik med omsyn til vern av dei vågekvalbestandane vi driv fangst på.

Publisert: 26.09.2003 , 07.00


Siste saker

X