Kjetil Hestad ordfører Tysnes tatt mars 2012

-Kystkommunene jobber for havbruksnæringen

- Kystkommunene jobber for havbruksnæringen, og ikke imot, påpeker Kjetil Hestad, ordfører i Tysnes kommune og styremedlem i Nettverket for Fjord- og Kystkommuner (NFKK). Han føler seg derfor misforstått.

Elisabeth Nodland

I etterkant av FHLs generalforsamling i Tromsø var det et samrådsmøte om havbruk i regi av Fiskeri- og kystdepartementet. Kjetil Hestad, ordfører i Tysnes klarte å provosere hele forsamlingen ved å hevde at oppdrettsvirksomhet ikke ønskes velkommen fordi den ikke bidrar med nok penger til kommunen

Les: – Oppdretts-næringen er ikke velkommen

Han føler seg nå misforstått og ønsker å kommentere saken i form av en kronikk. Hestad kommer i denne kronikken inn på spørsmålet om arealavgift fra oppdrettsnæringen til berørte kommuner.

Kronikk av Kjetil Hestad:

Kystkommunane jobbar for havbruksnæringa, og ikkje mot.

Kystkommunane ynskjer seg meir oppdrettsnæring i sine områder, men kvifor er det då galt og meina at dette også skal vera ei inntektskjelda for dei berørte kommunane.

Rett før påske var eg med på eit samråd i Tromsø, der Fiskeriministeren prisverdig hadde teke initiativ, til å samle aktørar med forskjellig ståstad, men med felles interesse i og for havbruksnæringa. Tema for dagen var arealutfordringane til havbruksnæringa.

I mitt innlegg på vegne av Nettverket for Fjord- og Kystkommunar (NFKK) kom eg ikkje inn på, i nokon særlig grad, det spørsmålet som gjeld arealavgift, men det blei tatt opp i spørsmål etterpå, og skapte ein god debatt kring dette tema. På nettstaden kyst.no kunne ein dagen etter lesa at kommunane ikkje ynskjer oppdrettsnæringa velkommen i sine sjøområde. Det er feil.

Før eg tek opp dette spørsmålet til vidare drøfting, vil eg sterkt understreka at oppdrettsnæringa allereie i dag bidrar med mykje i dei einskilde kommunane dei har lokalitetar i, både med sårt tiltrengte arbeidsplassar og anna verdiskaping. Når eg seier at det er behov for ei arealavgift så er det nettopp fordi næringa sitt behov for meir areal skal kunna møtast på ein for alle partar god måte.

Arealutvalet eller det som på folkemunne blir kalla for Gullestadutvalet tek i sin rapport også opp dette temaet, og seier at det etter nokre år skal evaluerast om kommunane sin rett til og krevja eigedomsskatt for oppdrettsanlegg har hatt den ynskte effekt

Det er eit resonnement som eg støttar fullt ut, men eg meiner at det ikkje skal gå nokre år, men at det er noko ein så raskt som mogelig må ta stilling til. Arealutvalet er jo elles også einig i at ei årlig arealavgift som tilfell kommunane, har fleire positive effektar. Strukturendringane i næringa, spesielt på eigarsida, samt konsentrasjon av slakterivirksomhet til færre kommunar, har medført at næringa har fått ein svekka lokal tilknyting i mange kommunar. Ei arealavgift ville slik me ser det i NFKK, bidra til å bøte på dette.

Arealutvalet bereknar kommunanes samla inntekter til ein stad mellom 27 og 76 millionar i 2010, hvis alle kommunar hadde innført eigedomsskatten. I beste fall vil me anslå at dei verkelige talla for dette ligg på rundt 20 millionar, og for kvar enkelt kommune utgjer dette ubetydelige beløp. Eg vil her trekkja fram at for eksempel så har Alta kommune (landets 4. største oppdrettskommune) kravd inn 201 000,- i løpet av 2011.

Både i oppdrettssammenheng og i forhold til for eksempel vannkraftkommunene er dette svært beskjedne beløp. Det gjer ikkje kommunane kompensasjon for bruken av den kommunale allmenningen og dermed ingen incitament til og leggja til rette for næringa og bidrar ikkje til å forbetre forholdet mellom næringen og kommunane. Eigedomsskatten fungerer ikkje og må derfor erstattast med ei anna avgift, og det må skje så raskt som råd.

Havbruksnæringa har behov for areal om ein skal nå målet om fortsett vekst, og den einaste farbare vegen fram då er at ein deltar i ein dialog, der ein saman kan komma fram til eit regime som gjer kommunane noko meir igjen for og vera oppdrettskommune. No skal ikkje eg her ta til orde for kva modell ein bør velja, men eg nyttar høve til å sei at det i Skottland er ei avgift som går på slakta tonn med fisk.

Eg trur alle partar ville vore tent med at ein no satte seg ned og såg på kva modellar ein kan gå for, det vil på sikt alle vera tent med. Eg vil derfor med denne kronikken invitera næringa til å komma tilbake til det forhandlingsbordet dei forlèt i november 2011, med håp om at me i fellesskap kan skapa fortsett vekst i ei for alle viktig og velkommen næring, og avslutta med å bruka dei kloke orda frå konsernsjefen i Marine Harvest Alf Helge Aarskog i hans kronikk for ei tid tilbake ”No er tida inne for å sjå framover, setja ambisjonen for ein verdsledane, profesjonell matindustri og ta solid tak i dei utfordringane som skal løysast. Med rett haldning blir dette skikkelig gøy og enda meir å vera stolt av, når me ein gong i framtida ser tilbake på 2012.”

Kjetil Hestad

Ordførar i Tysnes og Styremedlem i NFKK.

Publisert: 16.04.2012 , 10.16


Siste saker

X