Elizabeth Hartmann

– Laksedebatten er ein krig

Hell: Elizabeth Hartmann som er flugefiskar og dagleg leiar i kommunikasjons-selskapet Siste Skrik, definera debatten mellom havbruksnæringa og villaksnæringa som krig. Og havbruksnæringa si informasjonskampanje vurdera ho som farleg god.

Kari Johanna Tveit Elizabeth Hartmann i kommunikasjonsselskapet Siste Skrik sa til elveeigarar og andre som var møtt fram på Norske Lakseelver si jubileumssamling på Hell før helga at debatten mellom villaksnæringa og oppdrettsnæringa må oppfattast som ein krig.

Og i denne krigen er det havbruksnæringa som er dominerande, mellom anna fordi dei har pengar til å lage ein kampanje for norsk laks som er så god at den når fram til størstedelen av landets befolkning.

På elveeigarane si side

I sitt daglege virke har Elizabeth Hartmann tittel som dagleg leiar og spesialrådgjevar i kommunikasjonsselskapet Siste Skrik. Men ho starta sitt innlegg på Hell med å sei at ho var ivrig flugefiskar, og at ho er på elveeigarane si side i det ho omtala som krigen mellom villfisknæringa og havbrukssnæringa. I tillegg så har ho så sterk intoleransen mot oppdrettslaks at ho blir sjuk i mange dagar dersom ho får den i seg. – Så det er jo ikkje tvil om at det er noko i den fisken som ikkje er bra, sa Hartmann til elveeigarane på Hell.

Ei farleg god kampanje

Men mesteparten av Hartmann si innleiing omhandla havbruksnæringa si laksekampanje, og ho er ikkje i tvil om at dette faktisk verkar. – Denne kampanje er veldig bra, altfor bra. Når du går ut med eit kampanjetema der du seie at laks er viktig for Noreg, så betyr det at du osa av stoltheit, og vårt utsegn om meir liv i elva når liksom ikkje like langt. Dei snakkar om det som vedgår oss alle, dei snakkar om inntekter, skattar og avgifter som er ein del av samfunnsøkonomien, og dei snakkar om trygg mat. Så kort sagt så er dette ein veldig bra kommunikasjonskampanje, sa spesialrådgjevaren i kommunikasjon til elveeigarane.

Elizabeth Hartmann

Flugefiskar og dagleg leiar Elizabeth Hartmann i kommunikasjonsselskapet Siste Skrik, omtalar debatten mellom havbruksnæringa og villaksnæringa som krig. Men ho syns det er vanskeleg å komme med råd om korleis villaksnæringa skal vinne denne krigen.

Ymtar om villeiande reklame

Når det gjeld informasjonen i kampanjen om talet på kor mange arbeidsplassar som vert skapt av havbruksnæringa, så er Hartman litt usikker. Ho stille spørsmål ved teljemåten og ymta om at det kan handle om villeiande reklame, utan at ho har nytta sjansen til å kontrollere akkurat dette.

Og i produsentane sitt arbeid med å rekruttere folk frå bygdene som vil vere med i kampanjen trur ho at dei har gjort bruk av audition. Her deltek både lærarar, frisør og andre som fortel at oppdrettsnæringa betyr noko for dei.

Og ein ting som irritera Hartmann med havbruksnæringa si kampanje, er at ho ikkje har klart å finne ut kva den er verdt. Men ho er heilt sikker på at det har vore veldig dyrt.

Når fram til Ola og Kari

I omtalen av innhaldet i kampanje viser Hartmann til at den er godt planlagt og at det vert brukt ord som når fram til Ola og Kari. Ho gir Arne Hjeltnes som produsent ros fordi han er veldig flink, men på den andre sida omtalar ho han som smørbukk, og som ein mann med mange hattar.

Kommunikasjonsrådgjevaren er einig med tidlegare fotballspelar og elveeigar Vegard Heggem i hans påstand om at laksekampanje er «blendavasking» av havbruksnæringa, men problemet for Hartmann er at ho trur at det virka.

I tillegg bekymrar kommunikasjonsrådgjevaren seg for at oppdrettslaksen skal bli for populær, og seier at folk vil ha den sjølv om eit oppdrettsanlegg, etter det ho trur, forureina like mykje så ein liten by. – Arne Brimi har sagt høgt at Salmalaks er betre enn villaks, og andre kokkar har slutta å kjøpe villaks fordi oppdrettslaksen er blitt så god, sa Hartmann.

Må fortelje dei gode historiene

Når det gjaldt gode råd om kva som bør gjerast for å synleggjere villaksen, hadde ikkje Hartmann så mykje anna å sei til elveeigarane i salen, enn at dei må vere flinke å fortelje dei gode historiene.

-Vi må fortelje historia vår slik at denne næringa blir viktig for fleire enn dei 110 000 personane i Noreg som er opptatt av villaksen, sa kommunikasjonssjefen.

Ønskje å gjere folk dumme

Statssekretær Kristine Gramstad reagerte sterkt på Hartmann si krigserklæring. – Det er heilt feil å tenke at dette er ein krig. Det vil ikkje løyse problema, og her handla det jo om at villaksnæringa og oppdrettsnæringa skal leve saman. Eg oppleve at ho ønskje å gjere folk dumme, og det trur eg ikkje er særleg lurt, sa Gramstad i ein kommentar etter innlegget.

Les også: Gramstad var klar i talen til villaksfolket

Publisert: 16.04.2012 , 07.28


Siste saker

X