Arne Nielsen

– Laksesesongen er ikkje slik mange trur

Avisene har for tida mange oppslag om årets laksesesong og ei positiv utvikling for villaksen, men Arne Nielsen i Orkla Fellesforvaltning er av ei heilt anna oppfatning. Sesongen er ikkje så god som mange hevdar, og ein del av dei som går til media har ein klar agenda, meina han.

Kari Johanna Tveit Deis siste vekene har det vore mange medieoppslag som omhandlar historiske laksefangstar og ei positiv utvikling for villaksen. Men ifylgje Arne Nielsen i Orkla Fellesforvaltning stemmer ikkje dette med verkelegheita alle stadar. I Midt-Noreg er situasjonen etter hans oppfatning ein heilt anna.

– Det er mykje snakk om historisk gode laksefangstar rundt omkring, men dette kjenner vi oss absolutt ikkje igjen i her elvane rundt Trondheimsfjorden. Det har også vore eit elendig kilenotfiske i Midt Noreg, så eigentleg trur eg heller ikkje at sjølaksefiskarane støttar utsegna om enorme fangstar, seier Nielsen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no

– Alle har ein agenda

Nielsen meina dei som no går til media for å fortelje om årets laksefiskesesong har ein agenda. For Tomas Sandnes i Norges Grunneier og- sjølaksefiskelag (NGSL) sin del trur han dette handla om å få utvida sesongen for sjølaksefiske.

For Jim Roger Nordly i Europharma handlar det i fylgje Nilsen om å påverke dei som set med makta når det gjeld utviding av MTB eller utdeling av nye konsesjonar til havbruksnæringa.

Men Nilsen trur det er svært viktig å synleggjere at situasjonen ikkje er så positiv som alle vil ha det til, og for hans del er agendaen no, og i åra som kjem, å bevare villaksen, og ha eit attraktivt sportsfiske.

Arne Nielsen

Ifylgje Arne Nielsen i Orkla Fellesforvaltning har alle som no går til media for å snakke om historiske laksefangstar ein agenda.

Lusa får skulda

Nilsen framhevar at det har vore svært lite smålaks og mellomlaks som har kome opp i elvane i Midt-Noreg så langt i sesongen, og han er ikkje i tvil om kva som er årsaka til dette.

– I år er det nesten berre to- og tresjøvinterlaks som har gått opp i elva, og det er jo fisk som gjekk ut i havet i 2009 då det var lite lus i sjøen. I 2010 og 2011 møtte den utvandrande smolten mykje lus når den kom i sjøen, og det ser vi no igjen ved at det nesten var bråstopp i fisket i juli då smålaksen og  mellomlaksen skulle komme opp i elva, seier Nielsen. Han legg til at det i år har vore verre enn nokon gong når det gjeld oppvandring av smålaks og mellomstor laks.

Ifylgje leiaren i Orkla fiskeforvaltning er det også eit tydeleg teikn på lusa sine herjingar i sjøen at sjøauren nesten er utrydda.

Gytebestandsmålet står i fare

Arne Nilsen meina oppgangen av fisk i elvane i juli og dei første vekene i august har vore så dårleg at ein står i fare for å ikkje nå gytebestandsmålet.

– Det spørs jo kva som skjer no i slutten av august, men dersom sesongen fortsette like dårleg som det vi har sett i det siste, så kjem vi ikkje til å nå gytebestandsmålet i elvane i år, seier Nielsen til Norsk Fiskeoppdrett/Kyst.no.

Reduserte fangstar gir ikkje effekt

Arne Nilsen meina eit opphør av drivgarnsfiske og sterke reguleringar i sjølaksefiske i den nordlege Atlanteren dei siste ti-åra, skulle tilsei ein auke i laksebestanden.

– Det skulle viste seg igjen i elvane, men det ser vi ingen ting til her i Midt-Noreg i alle fall, seier han til slutt. .

Publisert: 08.08.2012 , 08.09


Siste saker

X